Sjanger, filosofi og kampsaker

Serienett har sett på eit utval av årets hefter frå Oslo 24 timars teikneseriemaraton.

24T blei arrangert som ei oppvarming til årets OCX. Dette utvalet er ikkje komplett, og hefta kan stort sett berre kjøpast direkte frå serieskaparen, så langt opplaget rekk.

F- i fargar
AF – avgrensa fargar
SK – Svart-kvitt

**

Hjelp, vi gjør et kupp!
Av Bård Lilleøien
F/bokmål

”Stikk, du irriterer Serienett!” seier dørvakta til ein av Bårds Mod-figurar i denne serien. Eg tek det som eit kompliment, særleg når resultatet er at Mod-figurane held seg unna resten av denne trykksaka. Serieskaparen understrekar elles at han hadde absolutt inga plan med heftet på førehand- Greitt å vite, for historia verkar då også så improvisert som den kan få blitt. Og om den er nonsensaktig og sluttar brått antiklimatisk, er det veldig mykje å more seg over undervegs. Ikkje minst i dialogen, men også i strek og fargar. Godt utført, særleg med tanke på at Bård også kan betru oss i forordet at han fekk problem med wacom-pennen undervegs.

Hjelp, vi gjør et kupp!

**

Sport
Av Ø. Runde
SK/nynorsk

Moglegvis noko så unikt som ein teikneserie som ser ut til å ha tatt lenge tid å skrive enn å teikne. Ganske enkelt er dette ei biografisk forteljing om kva Øystein Runde har drive med av sport i åras løp. Det er ei artig og ikkje minst rik historie, kan eg love deg. Og fordi Øystein tydeleg har lagt så mykje arbeid ned i teksten, er det lett å tilgi, og attpåtil vere med på, at han stort sett illustrerer det med fyrstikkfigurar.

**

Arkitekturopprørt
Av Jofrid Sandgren Østenstad
SK/bokmål

Jofrid Sandgren Østenstad har ein ganske eigenarta og samstundes vakker stil, rund og elegant, som ho har greidd å halde konsekvent på også innan 24-timarsfristen. Det er rett og slett imponerande kor finslepen denne teikneserien er, reint visuelt. I tillegg er tema, om konflikten mellom klassisk og moderne arkitektur, originalt og interessant. Ein passande metafor for Jofrid sine eigne kunstariske preferansar vil eg tru? Det einaste som skurrar, er tendensane til stråmannsargumentasjon i teksten. På eit tidspunkt blir den unge arkitekturstudina (som likar klassisk) til og med spurt av sensorane «Du er ikke tilfeldigvis nynazist, vel?» Hæh? Bare…hæh?

Arkitektopprørt

**

Ubuden
Av Håvard Heggenhougen
SK/bokmål

Heggenhougen held fram med heksehistoriene frå i fjor, men i større grad enn enn fjorårets «Brennende lidenskap» verkar dette som ein sjølvstendig historie. Fortald i all målbevisst enkelheit. Det nær surrealistiske, men likevel koselege miljøet minnar mykje om noko Miyazaki eller David Revoy kunne ha skildra. Streken er ikkje berre stabil og profesjonell tvers gjennom, men også ganske spenstig.

**

Bundet
Av Benedicte Luane Kristensen
SK/bokmål

Hadde dette vore utkast til ein ny «nordisk manga»-satsing, hadde min første reaksjon vore at dette liknar litt for mykje på ting ein har sett før i same segmentet. Men då det er eit eksperiment i romantisk fantasy-manga, med ei blanding av norsk og internasjonal mytisk estetikk, er det ganske kreativt. Det hjelper også at historia slekter på eit av fjorårets 24T-glansummer, «Skjør», utan på nokon måte å imitere den. Men dialogen treng ein språkvask.

Bundet

**

Paranormal
Av Linn Catherin Hansen
SK/bokmål

Sjølv om eg kjenner at eg saknar Pina litt, er det flott at Linn Catherin Hansen tillèt seg å ta heilt nye retningar frå år til år, i vente på eit gjennombrot. «Paranormal» handlar ikkje ein gong om det ein kanskje først trur; hovudpersonen Isak er, vel, homofil, trur eg, men det er litt tvitydig. I alle fall er det tydeleg at spesifikasjonane ikkje er det viktigaste. Bodskapen er forfriskande subtil. «Paranormal» er rik på detaljar som er ei lita nyting å studere. Ulempa er at det er desto lettare å sjå når serieskaparen begynte å få det travelt med å gjere serien ferdig. Konklusjonen verkar på same måte litt forhasta, men Linn Cathrin Hansen er eit talent som fortener denne eksponeringa.   

Paranormal

**

Crown of the Game King – Blodballaden
Av Jørn-Marius Madsen
AF/bokmål

Ein skjønner med ein gong, grunna den massive eksposisjonen i dialogen, at denne vampyrmangaen er alt for ambisiøs til at det kan vere snakk om ein enkelthistorie. Så viser det seg også at Madsen har planlagt ei fortsetjing. Dei pratar mykje i «Crown», berre avbrote av eit og anna manga-actionshot, men språket er godt, mytologien er gjennomtenkt, og både strek, skuggar og fargar er på det jamne gjennom heile heftet. 

**

Mens vi venter på Biggles i knipe
Av Stian Tranung, etter Kaptein W.E. Johns
AF/bokmål

Stian Tranung held fram å eksperimentere med utgangspunkt i skjønnlitterære bøker, kva som helst av slike bøker, berre dei er gamle og har eit fasinerande språk. Denne gongen har han valt ei av dei mange guttebøkene om flygarhelten Biggles. Ennå framstår det først og fremst ein metalitterær gimmick, men ein føler likevel at serien har ein retning og ein plan, både dette heftet, og Tranungs «Mens vi venter på»-konsept generelt.  Og den visuelle presentasjonen blir betre for kvart år.

Mens vi venter på Biggles i Knipe

**

En hel bygd i en hel jente
Av Kjersti Synneva Moen
SK/bokmål

Kjersti Synneva Moens Rufsete, men formsikre stil eigner seg godt for 24T-formatet. Bortsett frå at det ikkje blei tid til fargar, har ho tilnærma like godt visuelt grep om denne historia som i «Grip den føkkings dagen». Sjølve historia om ein fråflytta si lunkne nostalgi til heimbygda er fragmentarisk, men bodskapen er truverdig og relaterbar,

En hel bygd i en hel jente

**

Tiltak
Av Ola Lysgaard
F/bokmål

I alle fall for min del er forventingane til Ola Lysgaard vanlegvis høgare enn for dei fleste andre 24T-deltakarar, og i år blei dei oppfylt. Det hjelper at han har lagt seg på ein kunstarisk stil som opnar for mykje variasjon og uttrykksfullheit med enkle grafiske verkemiddel. «Tiltak» er ei surrealistisk kanskje-forteljing som leikar seg med forventingane til å forstå ein eigen symbolikk. Er hovudpersonen oss eller Ola Lysgaard sjølv når hen prøver å tolke draumane og godnattforteljingane sine? Eg trur ikkje det spelar så stor rolle. Serieskaparen treng ikkje å gi oss så mange konkrete svar så lenge han gir oss så mykje å tolke og tenke over.   


Øvst: Utsnitt fra «Tiltak» av Ola Lysgaard

Les andre anmeldingar av 24H her:
Bergen 24t 2017
Oslo 24H 2019
Bergen 24t 2019
Bergen 24t 2021
Oslo 24H 2022
Bergen 24T 2022

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *