
Kva er kronisk norsk? Kan det vere det arrogante tompratet som Dongery-kollektivet så grundig utleverer i «Det spirer i sansehagen»?
Dette er Dongerys andre samling med seriar frå Dagbladets laurdagsutgåve, skrive og teikna vekselvis av Flu Hartberg, Bendik Kaltenborn, Kristoffer Kjølberg, med Sindre W. Goksøyr som ein ny fjerdebeatle, og gjesteinnslag av Espen Friberg og Anders Damonso. Premissen er den same som før: Ta ei avisoverskrift, og fabuler fram ein liten teikneserie om den. Alt er lov, berre det kan stå på trykk. Nonsens gjer alt betre, men de bør vere mogeleg for lesaren å forstå det på eitt eller anna plan.

Oppskrifta blei perfeksjonert i første samlinga, «Dongery klikker» (2018), så i «Sansehagen» består spenninga i år sjå om serieskaparane kan halde fram med å lage friskt, originalt og morosamt materiale. Kollektivet sine individuelle «kunstariske» roller er stort sett dei same som i førre boka, med Flu Hartberg som den mest detaljorienterte og forteljande, med dei beste dialogane. Kristoffer Kjølberg er den meir underfundige og nokon gonger til og med poetiske. Bendik Kaltenborn er meir eksperimentell, og liker å forvirre litt, mens Goksøyr er den mest direkte og spontane.

Derfor kan han også i større grad kome unna med å skrelle vekk alt anna enn bodskapen. Under overskrifta «Alle disse tingene samtidig ble heftig» har Goksøyr t.d. ganske enkelt samla typiske motargument som Greta Thunberg ofte blir møtt med.
Elles er det ein tendens eg merker meg i «Sansehagen» og som representerer ei gradvis utvikling sidan første boka: Tompratets kunst. Folk som skryter eller klagar (eller begge delar) over sin høge levestandard og sitt kompliserte (eller rike) liv, ispedd nokre forsøk på å score kulturelle kapitalpoeng.. Ofte når eg leser kjenner eg at det irriterer meg, og eg håper og trur at det er hensikta til serieskaparane. At dette er satiriske refleksjonar over samtalar dei sjølv overhøyrer på byen og i selskap, kanskje til og med monologar dei sjølv har levert i svake augneblink.

Tompratet i sin mest eksplisitte og reindyrka form finner ein i Bendik Kaltenborns teikneserie «Kronisk norsk» (inspirert av ein overskrift frå VG), der innsamlingsaksjonen samlar inn pengar til å hjelpe dei kronisk norske. Inkludert den aktuelle bøsseberaren, som vrir seg i Tourettes-krampar mens han prøver å slutte å snakke om hytta si på Blefjell og toromsen som han pussar opp. Eit av samlingas høgdepunkt, utan tvil, men fleire gonger er tompratet opphøgd til ein kunst av figurar som neo-jappen i «Skal gjere planarbeid sexy» eller globetrotteren i «Fant lommebok med stor sum Euro».
Satiren fungerer i det heile teke best når den tek sjølvsentreringa til kulturelt eller økonomisk velmidla nordmenn på kornet. Når Dongery prøver å behandle andre formar for satire, vel dei oftare å gi kontroversen ein avvæpnande, absurd sjarm, som i handsaminga av overskrifta «Ingen n**** skal inn på slottet!» (og ja, i originalsaka står «n****» for det du trur). Eit Lambda-bygg i vikingtida er derimot litt for openbert til å ha same snerten. Men serieskaparane har då svært varierte tilnærmingar når dei skal vitse om dette bygget:

I vår medieverkelegheits knallharde konkurranse om merksemda er det ingen ting som tyder på at fenomenet klikkbaiting kjem til å avta. Difor kjem norske avisoverskrifter til å bli verande ei utømmeleg inspirasjonskjelde for humoristar, og eg håper at Dongeryteiknarane vil halde fram med å la seg inspirere lenge ennå. Dei har plassert seg sjølve på eit vanskeleg nivå. Eg ser teikn til, om ikkje slitasje, så i alle fall rein rutine, men humrar framleis mykje.

Det spirer i sansehagen
Av Flu Hartberg, Bendik Kaltenborn Kristoffer Kjølberg og Sindre W. Goksøyr + Espen Friberg og Anders Damonso
96 sider
330 kr.
No Comprendo Press
Les også anmeldinga av «Dongery klikker»