Quijote i rommet

Navnløs er ein ny og glansa norsk science fiction som moglegvis ønsker å vere «skitten».

Frå Måndalen i Rauma har det dukka opp eit heilt nytt og vaskeekte indie-teikneserieforlag, Other Universe. Forlaget og debutserien er skapt av Luca og Michel Da Broi , to brør med italiensk bakgrunn. «Navnløs # 0: Den siste av dagene mine» er eit særs profesjonelt utsjåande produkt, med stive permar, godt papir, sterke fargar, og ryddig, detaljert redaksjonell informasjon. Heftet har til og med eit litt aparte, avlangt format (30×17,5) som kanskje vil få det til å skilje seg litt ut i butikken.

Eit så ambisiøst, uavhengig initiativ på vegne av sjangerteikneseriane har vel ikkje Norge sett sidan The Urban Legends debut. Digitale kopiar av # 0 kan bestillast gratis på flerie ulike språk frå forlaget si heimeside, truleg som eit introduksjonstilbod (ei fysisk utgåve er å få kjøpt via Outland).

Sjølve historien er ikkje så substansiell. Innføringa som ein får i seriens univers, er heller beskjeden. Dialogen er sparsam, og det vesle inntrykket ein får av konseptet, tyder på ein noko klisjéarta space-western. Det meste handlar om effekter. Michel da Brois sine teikningar, bada i meir eller mindre kledelege neon-fargar av Daniele Ienuso, er kva ein skaffar seg dette heftet for.

Men historien så langt går omtrent slik: «Navnløs» er ein omstreifar – ein gamal dusørjeger eller leigesoldat eller noko sånt, vi veit ikkje ennå – i ei verd kjent som den Råtne Verden (og som ser omtrent slik ut også, men med mykje surrealisme blanda inn), Han gøymer seg for monster når han kan, og slost mot dei når han må. I andre halvdel søker han tilflukt på ei kro, men endar med å lage ein scene på mest spektakulært vis.

At hovudpersonen kallast Navnløs viser moglegvis til «The Man with No Name», Clint Eastwood sin karakter frå Sergio Leones «Dollars»-trilogi. Utsjånaden hans verkar som ei blanding av  Don Quijote, Alucard og Alvar Mayor. I det heile teke er serien framfor alt karakterisert av å vere eit amalgam av sine ulike inspirasjonskjelder. Manga, anime, seriemagasinet Heavy Metal og fransk og italiensk sci-fi/fantasy for vaksne er dei mest nærliggande.

På bakarste permen finner ein lovnader om at # 1 kjem allereie i mars, og dette blir nå gjentatt på Facebook. Viss dei greier å halde den fristen er eg imponert uansett, mest fordi serien ganske enkelt er godt handverk. Michel da Brois er ein dyktig teiknar med ein sterkt utvikla sans for det dramatiske, overjordiske og burleske. Serieteiknarar som kan produsere jamleg innan action-segmentet er ikkje vanleg kost på den norske marknaden. 

Om seriens univers vil imponere, er eg førebels meir usikker på.

Navnløs # 0 – Den siste av dagene mine
Skrive av Luca «Dabro» Da Broi, teikna av Michel Da Broi
Fargelagt av Daniele Ienuso
24 sider
130 kr. (fysisk utgåve)
Other Universe

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *