Fanzinefredag 9

FF Lunhart front

Vi ser på nye fanziner fra årets Oslo Comics Expo og Bergen Art Book Fair.

Eit stort og variert utval av fanziner blei presenterte på marknadsplassen til årets OCX. Ein del av dei var gjengangarar som Serienett har sett på før. Kanskje endå fleire var produkt av 24 timars teikneseriemaratonar gjennomført både på Buskerud FHS og på Grafills tradisjonelle workshop som alltid blir arrangert like før OCX,

Dei vil vil sjå på ved seinare høve. Dei følgande heftene blei seld på individuelle stands


FF Lunhart

‘Lunhart – Backstory comic + artbook
Av Huxleia @huxleia
70 sider

Eit nytt talent innan nordisk manga-stilen debuterte som sjølvpublisert serieskapar på marknadsplassen til OCX i år. Heidi Eirin Jensen, alias Huxleia, har valt å begynne med bakgrunnshistoria til hennar hovudperson, Cerulean Lunhart. Vi blir presentert for ei verd befolka av meir eller mindre blå alvar. Bortsett frå det liknar den på vår, men det er kanskje berre på overflata, som Cerulean skal oppdage ved eit skjebnemøte i denne historia.

Vi har knapt begynt å skrape overflata, sjølv med femti teikna og fargelagte historiesider, pluss ytterlegare ni med skisser. For ei fanzine er det eit imponerande stykke arbeid (det tilsvarar 1/3 av det ferdige arbeidet med ei nordisk manga-bok). Huxleia har jobba med konseptet sidan 2021, og har nok lært mykje på den tida. «Lunhart» har dynamiske vinklingar og komposisjonar, sterke og fine fargar og uttrykksfulle karakterar. Skal eg setje fingeren på noko må det bli at bevegelsane er litt stive, og at dei store bakgrunnane har noko nærmast greenscreen-aktig ved seg. Men Ceruleans bakgrunnshistorie er eit overtydande førsteinntrykk. 


FF Skully

     

Detective Scully – Chapter 1
Av Emma k. Alfheim @ek.alfheim
36 sider

Endå eit talent som er verdt å framheve innan det breie segmentet vi kan kalle manga-inspirert. Emma K. Alfheim (som er velsigna frå fødselen av med eit kunstnarisk passande etternamn) presenterte to seriar på årets OCX marknadsplass. Vi begynner med den ho har laga aleine. «Detective Skully» er som namnet formidlar, eit privatdetektiv og eit levande skjelett. Han stammar visst frå 40-talet, altså film noirs gullalder, og han er då også ein meir jovial versjon av den klassiske noir-detektiven. Alfheim har lova å gi oss bakgrunnshistoria hans seinare.

Enn så lenge går ho rett på sak, eller rett på saka. Ein ung tech-industrialist gir Skully og assistenten Andy i oppdrag å finne ut kva som skjedde med den forsvunne robot-prototypen hennar. Etterforskinga leiar snart til eit komplisert familiedrama.

Gåta blir ikkje løyst i dette heftet, utan at det gjer så mykje. For sjølv om Alfheim har eit heilt greitt mysterium  på gang her, er serien først og fremst ein fornøyelse i seg sjølv, og ei heilskapsoppleving. Streken er rund, fin og feiande elegant, full av liv. Serien er i svart-kvitt, og store delar er på eit stadium midt mellom skisse og ferdig reinteikning, men dette er eit uferdig produkt som verkeleg var verdt å sjå på før heller enn seinare

Både som teiknar og forfattar har eg trua på Emma K. Alfheim. Historia er faktisk ganske smart til ein mildt humoristisk krim å vere, og serieskaparen får veldig mykje ut av den på dei 27 sidene som utgjer kapitel 1. Særleg i andre halvdelen kan vi snakke om at ei seriøs intrige er blitt bygd opp. Ein så solid kombinasjon av strek, dialog og plott som ein har her, er sjeldsynt på fanzinenivå.


FF Nutter

Nutter & Blank: New beginnings
Av Emma K. Alfheim og Alex V. @bubblekid_aesthetics
48 sider

Denne derimot, er i fargar (minus ein enkelt sekvens), og dei var nok mykje meir nødvendige i ein oppjaga meta-fantasy som dette. Alfheims andre fanzine er eit samarbeid med Alex V, som er skaparen at pinnefiguren (eller den levande slikkepinnen) Blank OC. Ho er partnaren til Nutter, ein flosshatt-og langfrakk-kledd superskurk som vil ta kontrollen over eiga historie frå skaparen sin…Emma.

Alex V. har bidrege md både manushjelp (det er jo hans figur som er med) og lineart, og skilnaden er lett å få auge på. Streken er noko stivare og meir tøyla samanlikna med Skully, sjølv om det går an å seie at serien kompenserer for dette, ikkje berre med fargar, men også med fantasifull og variert grafikk. Vi følger nemleg Nutter og Blank gjennom mange dimensjonar. Hektisk blir det, men resultatet er ein fullgod «pilotepisode» med både konseptinnføring og ein fullend første historie.   

Eg kan anbefale Emma K. Alfheim sine arbeider til alle som liker leikne sjangerseriar med underhaldande karakterar. Men måtte eg velje så vil eg helst sjå meir av Skully fordi den er betre teikna, og har like mykje drama som humor.  


FF Bekkevag

Fortellinger fra Bekkevåg1
Av Espen Birkedal med manushjelp
52 + 4 sider
200 kr.
Tørt Papir publikasjoner @espen_birk

Etter eksperimentet med “Forlokkelsen” er Espen Birkedal tilbake i vanleg gjenge heime i Stavanger. «Fortellinger fra Bekkevåg» (ein fiktiv bydel i Stavanger) er ein antologi med tre historier, der den eine, «En ny forretningsmodell»  utgjer ¾ av heftet. Denne er teikna av Birkedal etter manus av Arild Rein, same forfattaren som han jobbe med på boka «Et godt nytt år». Vi følger den suspekte seljaren Fatty som prøver å tilby dørkikkertar med installasjon, dessverre i kompaniskap med ein lite snekkerkyndig kompis.

Sjølve historia er ikkje så veldig substansiell. Styrken ligger mest i sjølve den utbroderte dialogen i samspelet med den breie og stiliserte utsjånaden til Espen Birkedals figurar.  Augneblinksopplevinga i situasjonar som kjennest autentiske og direkte er viktigare enn kor historia går. Dette gjelder både for seriane som teiknaren skriv sjølv, og dei han teiknar etter manus.

Likevel er det eit pluss at «Forretningsmodell» har ein ide som er konsistent og lett å følgje. Den innleiande historia «Den nicaste dassen i nabolaget», skrive av Carl Gunnar Eltervåg, fortonar seg meir som eit tilfeldig samansurium av kleint komiske idear og laust samanhengande dialogbitar, sjølv om den har eit reelt sluttpoeng.

Eit lita tre siders (pluss forside) hefte, “Edvina” festa på midten, er like eins eit tilfeldig lite stykke kvardagskleinheit.  


FF Mentzoni

Something in the way2
Av Martin Mentzoni @martinmentzoni
24 sider

Avslutningsvis held vi oss på vestlandet med den Haugesundsbaserte kunstnaren og underground-serieskaparen Martin Mentzoni. «Something in the way» er er ei blanding av begge format. Heftet består av ein serie livestream-teikingar av Jason Voorhees (Friday the 13th-filmserien); nokre av dei har eit tydeleg gag, andre er meir opne for tolking. Og dei har bakgrunnar laga av gamle Fantomet-og Edderkoppen-hefte. Veldig postmoderne. Resten, ca. 1/3, består av nokre tilfeldige stykke og teikneseriar med Mentzonis alter ego, Ken the Kylling.  Eit samanraska utval som ikkje kjennest like meiningsfylt som fjorårets «Melgård Art Show», men eg føler at eg sit igjen med litt meir innsikt i Mentzonis veremåte og kunst.         

  1. Seld på både OCX og Bergen Art Bok Fair ↩︎
  2. Seld på Bergen Art Book fair ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *