Mot ukjent farvann

Debutantar lokkar lesaren med på ei episk reise i ei fantasiverd og opner med ein lovande, om enn litt sakte start.

«Forbi stjernenes port» av Benedicte Luane Kristensen og Sam Einar Engh Syftestad handlar om jenta Paprika som bur på ei øde øy med onkelen Oliver. Ein dag dett eit romskip frå himmelen, med romvesenet Kaba ombord. Ho har med seg ein himmelsk krystall, ein mystisk stein som kan vise veien til Stjernenes port. Den som går gjennom porten får eit ønskje oppfylt. Dei tre set ut på ei reise.

Vi møter også Mara og Dia i hovudstaden, sistnemnte ein gamal kjenning av Oliver. Her er det snakk om å samle troppane før dei set ut på tokt.

Første kvelden

Dette er første bok i ein ny serie og er Egmonts siste tilskot i Nordic manga-satsinga. I motsetning til dei fleste andre utgivingar i serien, er det her tydelege sjangertrekk frå manga, meir enn berre store auge og visse likskapar i stilen. Med unnatak av Mørkalven, er «Forbi stjernenes port» den som faktisk går mest inn for å vere tru mot «manga»-delen av namnet.

Humor har ein stor plass i dette første bindet, med mykje kvardagskomikk. Kaba smakar Paprikas mat for første gang og et med fingrane, og ho ser ut som eit spørsmålsteikn når Paprika spør om ho ikkje har brukt ein gaffel før. I tillegg ligg det mange visuelle små spøkar i rutene og det er mange detaljar å oppdage for den som vil leite, t.d. ei eksotisk maske som liknar Stinky frå Mummidalen.

Men dei har ein form for bestikk i Kabas verd, kva og kor den nå enn er.

Serieskaparane snakka om inspirasjon på lanseringa, og det er merkbart at spesielt One Piece er ei viktig inspirasjonskjelde. Som i One Piece er det eit lag som set ut på eventyr med ein båt, på jakt etter ein skatt. Det er ei variert forsamling som blir med på laget, ein ung og håpefull helt, medhjelparar med gode kunnskapar, og toktmedlem som ikkje har heilt reint rulleblad frå før.

Under lanseringa blei arbeidsfordelinga mellom dei to skaparane diskutert og  begge gjer litt av alt. Syftestad skriv i hovudsak mest og skisserer sidene, medan Kristensen illustrerer mest og tek seg av mange visuelle detaljar. Fargepaletten til Kristensen og Syftestad er fylt med klare fargar, med eit asurblått hav, grøn natur som gnistrar og ein hovudstad, New Everest, som er ypperleg og omfangsrikt designa. Streken er detaljrik og tydeleg «japansk» med små chibiansikt, klesdrakter og visuell humor. Kvinner i japansk manga er gjerne seksualisert, med fokus på store bryst og rumpe, men kvinnene i «Stjernenes port» framstår som sterke og kule utan det seksuelle fokuset.

Kva er eit manga-ensemble utan ein småkjeltring?

Skaparane vil veldig mykje i dette første bindet, etablere eit univers, forklare grunnhistoria og mytologien, samle saman laget som skal leite etter Stjernenes port og vise fram dei ulike karakterane. Med ei komplisert historie som skal etablerast, brukar dei likevel mykje plass på ei jaktscene i New Everest.

Den blir strekt utover, og når alt endeleg er på plass igjen, så er dessverre bindet og historia over for no. Eg skulle ønskje meg litt meir handlinga som driv historia framover og litt meir forklaring etter kvart.

Der eg på den eine sida set pris på sjangertruskapen mot manga, så skulle eg ønskje at sluttsekvensen hadde vore litt meir konsis. På den eine sida kan ein seie at denne sekvensen vil høyre heime i ein japansk mangaserie og ikkje reagere meir, men når det er første bind i ein heilt ny serie i eit nytt univers, vil eg heller ha meir handling i historia vidare.

Når så mykje er sagt trur eg dette er starten på ei spennande reise og eg gler meg til å sjå korleis historia til Paprika og Kaba og utviklar seg vidare.


Forbi stjernenes port – Bok 1
Av Benedicte Luane Kristensen og Sam Einar Engh Syftestad
Etterord av Sam Einar Engh Syftestad
226 sider
329 kr.
Egmont

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *