(Teikneserie-)julehefta for barn byr på eit par nykommarar som vi eigentleg har sett før. Uansett er det ikkje desse som bidreg til å høgne kvaliteten på årets barnehefte.
Etter nokre års pause relanserer Disney to tidlegare kjente juleheftetitlar i år. Ein nykommar frå i fjor er også framleis med. Elles går det mest i det kjente (som tilfelle er med alle juleheftekategoriar), men årets beste var ei lita overrasking for vår anmeldar, og eit av to reelle lyspunkt.
Merk: Detektivbyrå Nr. 2 er ute med julehefte i år også, men utan teikneseriar denne gongen. Vi gratulerer uansett Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes med Teskjekjerringprisen for serien.
Alle anmeldingar av Knut Robert Knutsen, presentasjon av Trond Sätre.
**
Ole Brumm Julen 2023
Av ukrediterte (men er du interessert så kan du finne namna her)
52 sider/99 kr/Egmont
Fornøyelege, om litt banale historier, ein god del av dei med julepreg, litt varierande kvalitet med forskjellige teiknarar, men ingenting under pari. Min favoritt var «Tussis Hus» teikna av Jeroen Steehouwer, men dei sentimentale historiane «Juletrær for enhver smak» og «Et uventet juleselskap» teikna av Jordi Sanchis tek delt andreplass av dei 12 korthistoriane. Enkle fortellingar om vennskap og juleglede.
3
**
Fant Julen 2023
Av ukrediterte
52 sider/99 kr/Egmont
Egmont har avertert Fant som ein serie som dei yngste vil setje pris på, men eg lurer på om det kanskje vert å undervurdere barna for mykje.
Pent teikna, og der er eit visst forsøk på humor, men i halvparten av desse sundagssidene så får eg inntrykk av at punchline må vere eit slags ordspel som ein ikkje har funne ein god måte å omsetje, så lufta går ut av ballongen på slutten.
Det er likevel mogeleg at små barn finner det morosamt. Eg kan berre ikkje skjøne kvifor.
2
**
Sølvpilen Julen 2023
Av Frank Sels
56 sider/75 kr/Vigmostad & Bjørke
Sølvpilen leverer klassiske western-klisjeer med foreldrelaus ung jente som vert utsett for mordforsøk av ein slektning ute etter arv, men våre indianarvener kjem i vegen. Månestråle vert bortført til New Orleans av menneskesmuglarar.
Gjennomsnittleg tidtrøyte, Frank Sels er rimeleg god det meste av tida, men ombrekkinga til julehefteformat er framleis forstyrrande og den litt dvaske reproduksjonen gjer at det ikkje heilt fungerer.
3
**
Tom & Jerry Julen 2023
Av Oscar Martin
36 sider/79 kr/Egmont
Oscar Martin teiknar og fortel tvers igjennom. Det er hesblesande gags, velteikna og med solid avslutning på alt, og rimeleg godt juletema. Plotta i historiane er enkle, Tom og Jerry jagar på ein vinnande lottokupong i den eine og Tom prøver å ha julemiddag med kjærasten i den andre, men så eksploderer det i eit fyrverkeri av komplikasjonar. Oscar Martin fangar perfekt opp det absurde og overlessa hysteriet i dei beste Tom og Jerry-teiknefilmane. Anbefalast.
5
**
Øisteins Juleblyant
Av Øistein Kristiansen
44 sider/129 kr/Vigmostad & Bjørke
Eg har jo visst om Øistein sine teikneshow og heftene som følger med og kor populære dei var veldiglenge, men eg har ikkje lese nokon av dei før no.
Dette er jo litt rart for eg likar teikneserier, men eg absolutt elsker bøker om korleis å teikne både det eine og det andre spesielt teikneserier. Eg har hyllene fulle av slikt. Så difor burde dette vere noko eg hadde byrja å lese for lenge sidan.
Eg trur kanskje at eg var litt for mykje «dum vaksen» og tenkte at sidan det er for barn så passar det ikkje for gamle folk som meg. Men eg tok feil, dette var så veldig mykje betre enn det eg trudde.
No kjenner eg ikkje eigentleg alle desse karakterane, sidan det er første gongen eg las, men dette var ei spanande blanding av «korleis teikne» hefte og sprudlande morosam teikneserie OM å teikne.
Spesielt handlar dette om å teikne, fargelegge og dekorere til jul. Det brakte meg attende til når eg var barn og vi pleide å lage lenker og kurvar til å henge på Juletreet og alt mogeleg anna av teikning og klipping og anna handverk fordi det var ein gøy ting å gjere før jul.
Vakre motiv vert brotne ned til enkle former og fylt med flotte detaljar på ein måte som på enkelt vis lærar ein, ikkje berre å teikne, men å sjå verda i slike former som ein så kan teikne og leike seg med.
Ikkje sei det til nokon, men dette heftet er ikkje berre morosamt og engasjerande og fullt av morosame ting å teikne og fargelegge, men det er og …. (kviskrar) pedagogisk.
Vis de, som meg, ikkje har lese Øisteins Blyant før, kjøp det til juleheftebunken, men tjuvstart gjerne med akkurat dette heftet til julehandverket.
6
**
Idefix og De Ukuelige – Romerne kan ta seg ein bolle!
Skrive av H.Benedetti, M.Coulon, S. Slecocq og N. Robin
Teikna av J. Bastide og P. Fenech
Omsett av Olivia Tångring
50 sider/119 kr/Egmont
Idefix og De Ukuelige er ein spin-off serie frå Asterix som eg ikkje kan forestille meg at nokon nokonsinne har bede om, men no er den vel her likevel, fr andre året på rad, med 3 korthistorier i dette albumet.
Hunden Idefix, i eit erobra Lutetia, «2 år før hendingane i Asterix serien» , leier ei bande herrelause hundar, kattar og fuglar mot Romarane og deira fæle husdyr. Stort sett Asterix med hundar og kattar, og meir direkte retta mot barn.
Historiane her handlar om ein ørnunge på ville vegar, eit ransforsøk (heist) mot halsbandet til den romerske generalen sin yndlingskatt og ein bronsekolossus som terroriserer Lutetia. Sistnemnte er lettare inspirert av Harryhausen si klassiske «Jason and the Argonauts»-scene, vil eg tru, med litt Terminator 2 på lasset.
Klassiske og velbrukte filmklisjeer i lettfordøyelege og pent teikna serier for barn. Streken og miljøet, samt Idefix, er henta ut av Asterix, men det er ikkje på det nivået ein elles forventer av Asterix i forhold til kvaliteten på teksten eller den generelle historia.
Ein grei serie for barn, men ikkje førstevalet.
3
Les også:
Blomstrande krigføring