Suveren balansegang

I den tredje teikneserieromanen sin, La skogen leve!» formidlar Nora Dåsnes klimaangst, maktesløyse, håp og handfaste forslag. Ho får til alt utan å miste karakterane av syne. 

Det er rett og slett fryktinngytande å lese ei ny Nora Dåsnes-bok. I teikneserie-Noreg er drivkreftene våre ofte «eg likar teikneseriar i denne og denne sjangeren» eller «eg likar å teikne» eller «eg fekk kulturrådsstøtte til akkurat denne greia og no er eg stuck med den dei neste to åra». 

Kvar einaste teikneserieroman Dåsnes har laga så langt, har derimot fulgt eit skrivetips som ein oftare ser på litterære skrivekurs: «Skriv der det brenner». 

Den første var om Tuva som oppdagar at ho er forelska i ei jente, «Ti kniver i hjertet«. Men jente-biten var ikkje ein big deal, den store dealen var smerta over å gå over frå «barn» til «ungdom», som både gjer legning-poenget ei stor tjeneste, og er ei spennande problemstilling å skildre. 


Den andre var «Ubesvart anrop«, som har 22. juli som bakteppe. Eg har ikkje lest den, men den huka akkurat inn Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. Såvidt eg kan sjå er Dåsnes, fødd i 1995, den yngste som har fått denne nokon gong. 

Den tredje er «La skogen leve!» Den setter oss raskt tilbake i landskapet frå «Ti kniver i hjertet». Tuva, Bao og Linnéa er på veg tilbake til skogen sin, og som før skal dei banke gutar frå C-klassen. Men er Bao egentlig litt interessert i ein av dei, Abdi? 

Kjærleiksplottet er dog litt ei finte for å halde lesaren på kroken. For den engasjerte Bao ønsker å påvirke skulen politisk, i grønare retning. Og ho endar opp med å bli nedstemt. Den ubønnhørlige, nærsynte logikken til dei voksne er kanskje det mest hjerteskjærande øyeblikket i boka: Dei vil «tenke på barna», men kortsiktige gode hensyn endar med å trumfe klimahensyn, og vi kjenner Bao si smerte over å sjå alle klima-ambisjonar kræsje i sakte film. 

Møtet er også ein perfekt, lettfordøyeleg metafor for dei store, globale toppmøta. Når ein voksen svarer «Ja, veldig flott. Det må vi … utrede» er det ein altfor gjenkjennelig knyttneve i magen. 

Serien hoppar mellom tradisjonelle seriesider, chat-samtaler, digre ekspresjonistiske oppslag der kjenslene i grunn mest blir formidla gjennom fargar, og Bao sin handskrivne klimarapport, som er ei kort og ekstremt effektiv oppsummering av klimakrisa. Bao er ein litt meir alvorlig karakter enn Tuva, så boka er litt mindre tøysete enn «Ti kniver», men det kjem glimt av humor frå dei to meir barnslige vennane. 

Teiknestilen er den same som før, men kanskje med ein endå sterkare kontroll over farge som formidlar av kjensler. Tidvis uttrykker fargane sorg og fortvilelse på ein måte som får meg til å tenke på dei abstrakte maleria til Mark Rothko. Det ville ikkje sjokkert meg om Dåsnes ein gong gjekk over til heilt abstrakt kunst, men eg trur eigentleg ho har for mykje konkret på hjertet til at ho ville tillate seg dette. 

Sjølve den illustrerande streken er imponerande fri for «fakter»: Den kjennest verken prega av fransk-belgisk, japansk eller av amerikansk superhelt- eller undergrunnstradisjon. Så kva tradisjon er den frå? Ein meir malerisk versjon av klarheta til Raina Telgemeier? Eller ein meir klar versjon av maleriskheta til Wenche Øyen i «Farvel, Rune«? Ingen av samanlikningane kjennest heilt rette. Eigentleg er den rett fram, men med ein fin bruk av organiske brushes som har blitt gjort mogleg av Procreate-appen på iPad. Teiknestilen virkar som om den er utvikla mykje for å formidle universet hovudpersonane lever i, utan å trekke fokus til seg sjølv. Det eg lurer på er altså: Kjem vi til å sjå ei bølge av Dåsnes-inspirerte unge teiknarar, eller er stilen for diskrét og vanskelig å «kopiere»? Ingen anelse! Veldig spennande å finne ut!

«La skogen leve!» er først og fremst ei fortelling. Trass i at den er teikneseriefaglig sterk, kjennest det som at fortellinga gjort seg like godt som film, teater eller roman. Den klarer å formidle alvoret, ta angsten seriøst, men også redde figurane sine inn igjen til land, både i praksis og metaforisk. Den gir lesaren både kunnskap og verktøy til å påvirke verda akkurat på det nivået lesaren er, noko som er ein av dei beste måtane å unngå å synke ned i sorg. 


La skogen leve!
Av Nora Dåsnes
230 sider
349 kr. (veil.)
Aschehoug


Les også:
Anmeldelse av «Ti kniver i hjertet»
Intervju om «Ti kniver i hjertet»
Anmeldelse av «Ubesvart anrop»
Intervju om «Ubesvart anrop»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *