Mytologi en masse

Sjeldan har eg sett ein nordisk manga som vil så mykje og så raskt som i «Maria Storm og Mythosordenen».

Moderne norsk teikneserieflora bugnar etter kvart av figurar som er «ambiguously brown», dvs. akkurat brune nok i huda til at fleire ulike minoritetar – afrikanarar, latinamerikanarar, sør-asiatar, folk frå midtausten mfl..-  kan førestille seg at hen er ein av dei. Vanlegvis spelar dei birollar, rett nok ofte viktige birollar i seriar som Edward Rubikon, Edelmot, Krypto, Esters Univers og Familiaris – av etnisk norske serieskaparar ,  På den andre sida har vi sporadiske forsøk på å skape nye ikoniske superhelt-hovudpersonar som The Urban Legend og Kira – frå afrikanskætta norske serieforfattarar.

På sida av alt dette kjem då Maria Storm, den nyaste nordisk manga-heltinna (og på alle måtar ei typisk nordisk-manga-heltinne, må det vere lov å seie). Ideen til henne kom då barna til forfattar Joseph S.S. Ampofo etterlyste heltar som er av blanda opphav, som dei, i staden for svarte, som han. Kanskje difor er noko av det aller første vi lærer om Maria, at mora hennar er kvit. Dette opplysninga er integrert i historia gjennom ein opningsscene som samstundes også på nær perfekt vis setter stemninga gjennom ein kombinasjon av mystikk. action og grøss.

«Eg møtte henne på ein seanse.»

Ei stor verd
Mora til Maria forsvann den dagen. Eit år seinare flyttar Maria og faren nettopp til bygdebyen Lilleberg, der mora forsvann.  Maria aner etter kvart at det er noko mystisk med Lilleberg. Mora hennar er ikkje ein gong den einaste som har forsvunne, og fabelvesen vandrar i gatene, til og med på skulen, utan at nokon andre ser ut til å ense det.

Med eit namn som «Mythosordenen» kan du til ein viss grad gjette kor dette bærer, det er berre å analysere dei to samansette orda kvar for seg. Ambisjonsnivået er likevel større enn kva eg kunne ha førestilt meg. Vi snakkar om ei Harry Potter-nivå av verdsbygging og fantasy-konspirasjonar, her. Lesaren kan til ei viss grad sanse det når forfattaren kosar seg særskilt med ein bestemt del av historia. Ein konsekvens av dette er at dei første ca. 80 sidene er litt stakkato historieforteljing, der det har vore viktig å berre få med dei nødvendige innleiande elementa før ein kjem til dei skikkelege sakene – L o r e n!!       

Maria får det obligatoriske tilbodet ein ikkje kan seie nei til frå skulegardens dronning.

Organisk teikning
Det fungerer likavel, fordi oppbygginga er logisk og konsistent, og ikkje minst fordi serieskaparane heile tida gir lesarane meir av det same som truleg fanga dei til å begynne med: Spenning og grøss. Etter kvart også ein god del humor, sjølv om mykje av den sparast til vi blir kjent med bifigurane. Totalt sett får ein plass til veldig mykje i første bindet. Amopfo fortel med ei utålmodigheit sin eg set pris på, sjølv om det betyr at historia innimellom kunne vore fortald meir smidig.

Valet av ein teiknar som Jofrid Sandgren Østenstad (også kjent som «Sildesalaten») har mykje av æra for at Maria Storm gjer eit godt førsteinntrykk. Sjølv om ho inngår i ein moderne norsk post-manga-tradisjon er ho eit utradisjonelt val. Ho har jobba lenge med eigne saker, og kom til dette oppdraget med ein ferdig utvikla stil, Streken hennar er stilbevisst snirklete og flytande. Dette gir serien eit meir organisk preg enn mange andre serieskaparar innan same segmentet. Mest nærliggande er det kanskje å samanlikne henne med Sara Hjardar, men ein ser raskt at også det blir feil. Østenstad er litt på sida av det meste, og hennar styrker og svakheiter er lette å peike ut.  

Eit hus etter teiknarens smak.

Norsk ramme
Ho elskar arkitektur, og som ein følgje av det teiknar ho ikkje berre nydelege hus, men også nydeleg interiør (ein ofte neglisjert del av serieteiknarens jobb). Ho er ypparleg på overdrivne ansiktsuttrykk, som er viktig for både melodrama og komedie i denne serien. Østenstads svakaste punkt er kanskje rørsle, noko som burde vere eit problem i ein actionorientert teikneserie, men serieskaparane finn måtar å kompensere for dette med stemning.

Teiknaren står også for fargelegginga  etter alt å dømme, og den kunne nok blitt betre med ein innleigd fargeleggjar som t.d. Trine Lise Normann. Men det er mogeleg at ein så flytande strek som Jofrid Sandgren Østenstads treng tilsvarande flytande fargar for symmetriens skuld. 

Joseph S.S. Ampofo ser ut til å ha oppnådd det som liksom var utgangspunktet – Å fortelje eit eventyr som hans (vil eg anta) norskkulturelle barn kan forstå seg på. Seriens miljø er multietnisk, men ikkje multikulturell på ein annan måte enn at det involverer segn og mytologi frå heile verda. Og sjølv det aspektet inngår i ei ganske norsk ramme.

Li Fei i fangirl-modus

Ein ny begynnelse
Men oppdraget hans er større enn det. «Forbi stjernenes port» er visst førebels meint å fortsette på Egmont, og «Oppfinneren» er uavklart. Men etter TNT må Egmont i realiteten bygge opp nordisk manga-varemerket sitt frå botnen, og Maria Storm er først ute  Då nytter det ikkje å vere beskjeden. Sjeldan har eg sett ein nordisk manga som vil så mykje og så raskt som «Maria Storm». Mytologien verkar komplett innan vi er kome til slutten av første bindet.    

Og boka er ærleg om sine ambisjonar, i suppleringsteksten (for sjølvsagt har ein serie som dette ein  suppleringstekst bak i boka, du kan ikkje meine alvor med verdsbygginga di utan). «Hvis du ikke skjønte noe av dette…så har du kanskje ikke lest boken godt nok.», kommenterer den entusiastiske fangirl-byråkraten Li Fei, ein av seriens passe vellukka komisk bifigurar. Og ho held fram: «Jeg anbefaler å lese den en gang til. Eller to eller tre».

Du skjønner nok ganske mykje, allereie første gongen. Men gjenlesingsverdi, det har «Maria Storm og Mythosordenen» .



Maria Storm og Mythosordenen
Skrive av Joseph S.S. Ampofo, teikna av Jofrid Sandgren Østenstad
Etterord av serieskaparane
146 sider
329 kr.
Egmont


Trond Sätre er 1. konsulent på Statsarkivet i Bergen med utdanning i kulturfag frå USN, og redaktør for Serienett. På fritida er han også teikneserieforfattar på Setriuno Comics.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *