Trudde du at du hadde forstått «Oppfinneren»? Vel, nå ser eg at det hadde ikkje eg. Dermed er bind to, «Skrotnissens hemmelighet» blitt ei langt meir spennande reise enn først venta.
Lars Henrik Eriksens «Oppfinneren» skil seg frå andre NME-framhaldsseriar. Den er einaste serien der det gjekk to år mellom bind ein og to, men eg sikter ikkje til det. I dei fleste av desse seriane blei tonefallet sett med ein gong, og det var ganske lett å gjette seg til den vidare utviklinga, i alle fall i grove trekk. Slik er det ikkje med «Oppfinneren», viser det seg nå. Første bindet, «Jakten på evighetsmaskinen», assosierte eg med Pokémon, av ein eller anna grunn. Kanskje det var alle dei uttrykksfulle kjempeskjelpaddene. Kanskje var det dei grøne, landlege omgjevnadene. «Skrotnissen» er i alle fall noko heilt anna, meir absurd og anarkistisk.
På Raptus nemnte Eriksen «One Piece» som inspirasjon, og eg ser langt meir av det i andre boka. Ikkje at han kopierer Eiichiro Oda, snarare at han har mykje av den same frivole innstillinga som forteljar, den same hangen til setje saman element som på overflata ikkje ser ut som dei skulle henge så godt saman.
Noko som også er ein bra beskriving av Basara, byen der det meste av handlinga i «Skrotnissen» føregår. Basara er ei grop i ørkenen der nokon har bygd eit massivt forretningskompleks i høgda, ikkje fordi et gir nokon meining, men fordi det ser kult og morosamt ut. I alle fall for, seieskaparen, men også for lesarane, vil eg tru. Spora etter bestefaren fører vår helt Kobolt her, og på vegen får han også eit par nye venner, Flint og Agata. Dei dukkar opp både her og der, men er eigentleg nokså flate karakterar (Flint meir enn Agata), og forsvinner noko brått ut av handlinga mot slutten. Boka handlar mest om korleis Kobolt steller seg ovanfor dei andre folka i byen, ikkje minst Diodati, den titulære Skrotnissen, som let seg fascinere av hovudpersonens ingeniørevner.
Diodati står i spissen for eit persongalleri som, endå meir enn den ulogiske konstruksjonen Basara, gjer denne boka til noko nytt, både i forhold til forgjengaren, og i større målestokk for norske teikneseriar. Medan karakterane i «Evighetsmaskinen» følgde ein mal, er dette kasta ut av vindauget i «Skrotnissen» til fordel for eit veritabelt menasjeri som verkar å vere saksa ut av eit halvt dusin ulike seriar. Når du veit at mange mangaseriar operer på same måten – og det veit du moglegvis viss du plukka opp «Oppfinneren» – er det lettare å vere med på dette. I fronten møter vi eit byråkrativelde som starta med ein krangel mellom ein pølseselgar og ein iskremselgar (det gir meining i konteksten). Byråkratane er like karikerte som ein kunne vente, men ikkje utan nyansar.
Samstundes er det sjølvsagt framdrift i handlinga; serien følger eit overordna plott. Gjennom det meste av boka er det rett nok ikkje like interessant som å observere byen og dei nye karakterane. Fleire gonger undervegs gløymde eg kva som var motivasjonen til Kobolt. Men kulminasjonen av heile dette inspirerte tøvet er gjevande. Sjølv om det også går veldig raskt i svingane når vi kjem så langt i historia. Tempo og rytme i historia kunne det vore jobba meir med.
Uansett så er «Skrotnissen» eit friskt pust. Med all respekt å melde, og individuelle kvalitetar til side, så følger dei fleste nordisk manga-titlar ein norm. Fantasy er litteraturens progrock: I teorien burde den vere den friaste av alle sjangrar, i praksis er den like straumlinjeforma som nokon annan. Lars Henrik Eriksen (og til ei viss grad Helen Kaldheim) står for, om ikkje akkurat ein motkultur, så i alle fall noko litt på sida.
Og kanskje det beste av alt, og utan å røpe for mykje: Etter «Skrotnissens hemmelighet» er vegen vidare framleis open for «Oppfinneren».
Oppfinneren (2) – Skrotnissens hemmelighet
Av Lars Henrik Eriksen
186 sider
299 kr. (vegl.)
Egmont
Les meir om Lars Henrik Eriksen og Kobolt:
Og den startar på eit kick
Fantastisk vitenskap
Mentalt veikart med sidespor
Kva står forkortinga NME for?
Nordisk Manga, Egmont.