
Med det anarkistiske fyrverkeriet «Rabalder deler likt» startar Jens K. Styve for alvor på sin nye kunstariske løpebane.
I eit intervju med avisa Nordhordland1 nyleg kunne Styve fortelje at han kjem til å satse på barnebøker framover. Han frykter at avisdauden vil gjere det vanskelegare for han å halde fram med Dunce. Til liks med ein annan kjent stripeteiknar som også har trappa ned på stripeproduksjonen, Frode Øverli, er han allereie i gong. I haust kom «Vikingtiden fra AAAAH! til ÅÅÅÅH!», eit infotainment-bok for barn skrive av Are Sende Olsen og illustrert av Styve. I tillegg lanserte han ein ny bildebokserie «Rabalder» i fjor, med tekst av Ragnhild Holmås.
For Serienett er nok Rabalder er den mest interessante av desse to, ettersom den er eit av mange døme på desse teikneserie/bildebok-hybridane som det sikkert ikkje blir færre av framover. Den bruker ofte fleire teikningar på ei side, har få lange, samanhengande tekstar og har ein tettpakka visuelt styrt handling med mykje typiske teikneserie-effektar.
At forsida entusiastisk kunngjer «NY SERIE!» gir dessutan heile presentasjonen ei litt retro teikneserieblad-kjensle.

«Rabalder deler likt», som den første boka i denne nye serien heiter, er basert på ein fiks idé, slik tilfellet ofte er med bildebøker. Familien til Balder er fiksert på at alt skal delast mest mogeleg likt. «Liktig er viktig» er familiens mantra. Ein dag, nærare bestemt på bursdagen hans, når dei skal dele opp kaka, klikkar det for han. Og Balder startar eit anarkistisk einmanns terrorvelde for å gjere alt mest mogeleg likt.
Før eg leste denne boka på ordentleg gjorde eg eit lite eksperiment. Eg såg gjennom boka utan å følgje med på teksten, berre på bileta. Er det mogeleg å følgje med på handlinga berre frå bileta?
Ja, det er det, og det er ein honnør til Jens K. Styve sine evner som grafisk forteljar. Viss du liker Dunce ikkje berre for teksten, men like mykje for streken, vil du også like Rabalder, som ligg veldig nær opp til Jens’ signaturserie av utsjånad – I alle fall etter han la om stilen litt for få år sidan, og begynte å gi figurane rundare naser og større auge.

Bortsett frå at han får utfalda seg endå meir her, noko som sjølvsagt forfattaren kan ta sin del av æra for. Eg ser på «Rabalder deler likt» som teiknarens verk meir enn forfattarens (ikkje heilt likt fordelt her, altså), men Ragnhild Holmås har gode idear, og ein absurd og til dels makaber humor i Roald Dahl-tradisjonen. Ho har skrive eit humoristiske sakprosabøker for barn og manus til Donald Duck & Co, og det er erfaring som skin gjennom når ho debuterer som skjønnlitterær bokforfattar med «Rabalder deler likt» Ho har gitt Styve veldig mykje å jobbe med, og skjønar tydelegvis at historia hennar burde illustrerast så tett som om det var ein fullgod teikneserie. Men ho legger også til nokre vittigheiter som forblir heilt hennar eigne, og som underbygger sansen hennar for det absurde og makabre. T.d. når ein av Balders offer ramlar ned i eit løvebur får lesarane spørsmål om kva saus dei synes at løvene bør ete han med.
Styve har samstundes nytta høvet til å legge inn eigne, meir diskrete forteljargrep også. For sjølv om serien ikkje gir rom for mykje personlegdomsutvikling hos verken den eine eller den andre, kan ein merke seg at Balders storesyster heile tida ser ut til å vere den einaste som gleder seg over situasjonen utan at dette blir presisert t i teksten. Moglegvis fordi ho håper på at Balder skal bli straffa.

Som fan av Jens K. Styve og Dunce liker eg denne boka godt nok til at eg må minne meg sjølv på at den er laga for barn, og har nokre trekk som vil more barn meir enn dei morer meg . Først og fremst variasjonane over tema som raskt blir repeterande, som ein rett nok villare versjon av Alf Prøysens bok om Geitekillingen som kunne telle til ti. Men også bokas anti-moral, som blir kunngjort allereie på permen, og stadfesta i sjølve historia på ein veldig insisterande og utbroderande måte. På eit tidspunkt prøver mora til Balder å snakke han til fornuft og kanskje komme med ei innrømming om at dei gjekk for langt, dei også. Då stoppar handlinga opp og forfattaren forklarer, i noko detalj, at dei kan ikkje la boka ende med ei forsoning fordi «da blir ikke boken LIKE GØY som du hadde håpet, gjør den vel?»
Forfattaren skryter litt vel mykje. Sjølv om forfattaren også har rett. Sjølvsagt hadde det ikkje vore like gøy eller tilfredsstillande med ein moral. Handlinga er lagt på barns premisser, og den vel å gir barna ei umoralsk oppreising.
Det kjem ei ny Rabalder-bok i år, men for ein gongs skuld vil eg ikkje sjå framover eller spekulere på kva som skjer neste gongen. Som dei fleste barnebøker basert på ein veldig bestemt og konkret fiks idé, nytast «Rabalder deler like» best i augneblinken, fri frå all kontinuitet – og alle konsekvensar.
Rabalder deler likt
Skrive av Ragnhild Holmås, teikna av Jens K. Styve
50 sider
299 kr.
Kagge Forlag
- https://www.nordhordland.no/jens-satsar-pa-ein-ny-marknad/s/5-33-792769 (kun for abonnenter) ↩︎






