Tar stadig utfordringa

Bergen 24T er ein bærebjelke i lokal teikneserieproduksjon som framleis står stødig med sin seinaste antologi.

Ein trygg status quo blei halde i hevd innan «24 Hours Comics Challenge» i 2025. Seriane som blei laga i samband med OCX kom alle ut i fanzineformat, igjen, og alle seriane som ble laga i Bergen kom ut i antologiformat, igjen. Redaktør Are Edvardsen i Überpress har hatt full kontroll.

Sistnemnte bok er ikkje kortare enn i fjor, så det er oppmuntrande, men det er færre debutantar denne gongen – fire av åtte, mot seks av åtte i fjor. Og den eine tel på ein måte ikkje som debutant fordi han er nokså godt etablert frå før (meir dette seinare). Universitetsfakultet for Kunst, Musikk og Design i Bergen (KMD) er framleis det viktigaste lokale rekrutteringsgrunnlaget for desse aktivitetane.   

Rutinebrudd

Samlinga opnar med “Rutinebrudd” av Julia Luzon (KMD-student). Luzon er med for andre gongen, og eg kjente straks igjen den naivistiske mangastilen hennar.  Historia er ein typisk poetisk fabel, om ein skulegut som , ja nettopp bryt med rutinen for å ta ein «einskinnebane» ut i eventyret. Eg vil tru at serieskaparen unngjekk å bruke ordet «monorail» fordi det hovudsakleg ville gi assosiasjonar til ein kjent Simpsons-episode. Og av teiknefilmar er kanskje kultfavoritten «Infinity Train» eit meir relevant utgangspunkt for samanlikning.

Uansett, Luzon gjer alt riktig og sørger for at boka gir eit godt førsteinntrykk; strek og stil er reinskore og heilt konsistent, og historia skifter frå svart-kvitt til (avgrensa) fargar når guten kjem om bord på toget. Eit føreseieleg verkemiddel, men godt handverk.

Den sultne krabbe!

Neste bidrag er «Den sultne krabbe!» av debutanten Neonbitz (student, men ikkje på KMD), og denne går inn i kategorien «Har nokon prøvd dette før?» Nærmare bestemt: Har nokon prøvd å lage ein 24T-serie som består av nesten berre tomme, svarte ruter før? Latskap kan forsvarast viss du ikkje berre har ein original ide, men også kan gjennomføre den på ein underhaldande måte. I dette tilfelle blir det dessverre med ideen, sjølv om serieskaparen prøver å endre litt på formatet i det som vel er meint å vere klimakset.

Ella XI

Så har vi ein sann veteran innan 24T-fenomenet både frå Bergen og Oslo – Regine Toften Holst med «Ella XI» (dette er hennar ellevte gong, altså). Vandraren Ella har forvilla seg inn i endå eit nytt kongedøme. Ho havnar i vanskar på grunn av det levande og eigenrådige sverdet sitt, men slepp frå det med liv, helse og frustrasjon i behald, og vandrar vidare. Serien er mest variasjonar over tema, men dette er faktisk ei av dei betre Ella-historiene, mykje fordi Regine er fokusert på ein ide, og gjer så mykje ut av den som det trengs – Verken meir eller mindre. Einaste innvendinga mi er at ho burde ha strukturert sidene betre, sånn at vrien i historia ikkje blir avslørt før det er nødvendig.     

Gutten og havfruen

Rodrigo Cortez har vore med nokre gonger før, både i 21 og 22, og årets bidrag “Spøkelser»   er ein surrealistisk science-fiction fortald med ein profesjonell fingerspitzgefühl. Personlege gir den meg lite, men tolkingsgrunnlaget er allsidig.  «Gutten og havfruen» av Sara-Linn Almquist (KMD-student som er med for andre gongen) er derimot lett å analysere i ein konkret retning, som ei enkel og konsis forteljing om øydelagde barndomsfantasiar. Trist, og akkurat som fjorårets bidrag frå samen teiknaren, visuelt vakkert.

Cowboyvampyr

«Cowboyvampyr» er liksom eit konsept eg innbiller meg å ha sett før i 24T-samnheng, men ikkje frå ho som gjer den her i så fall. For Silje Dahle (KMD) debuterer med denne namnlause serien om, som sagt, ein cowboyvampyr. Som slost mot ein enorm slange i ørkenen. Stilen kan minne litt om før nemnte Julia Luzon, men er tydelegvis ikkje så innøvd. Teiknaren gjer veldig lite med sjølve ideen, annan enn å teikne ein ganske tøff slange, men streken er jamn, og det reddar noko av inntrykket.

av Stian Kolnes Thomassen

Årets overrasking er eit bidrag frå Stian Kolnes Thomassen, skaparen av Vettefolket/ Reveland-universet (VRU). Han bur framleis på Sørlandet, og kom ikkje til Bergen i høve årets 24T,  men han blei invitert av Edvardsen, som let han vere med via Discord. Dette er første gongen ein teiknar har deltatt på denne måten i 24T Bergen. Ved sida av Regine og Rodrigo er han den mest profesjonelle av årets bidragsytarar, men nettopp det viser seg å vere eit lite problem. Han har laga ei ny VRU-forteljing til prosjektet, skjønner du, og den har både ambisjon, solid historieforteljing (til å vere eit 24 siders eventyr for barn) og visuell fylde. Men Thomassen ville ganske enkelt for mykje, og fekk ikkje tid til å teikne ferdig. Så store delar av serien er forblitt på skissestadiet. Kanskje vil han seinare gi oss det ferdige produktet, gjerne i fargar? Som ei fanzine til neste OCX, til dømes?

Match

Debutanten Vebjørn Stenersen (KMD) sørger for ein ganske verdig avslutting med «Match». Denne dysterhumoristiske refleksjonen over nettdating brukar nokre verkemiddel som neppe er heilt unike i 24T-samanheng, men som skil seg litt ut i akkurat denne samlinga – grove, semirealistiske strekar, skraverte gråtonar og mykje tekst ubunde av snakkebobler. Han har teknikkane inne for korleis ein med enkel strek og skuggelegging kan få ting til å sjå bra nok ut.. Å avslutte med eit noko meir jordnært og vakse tema får dessutan antologien til å framstå som meir heilskapleg.   


Bergen 24T 2025
Av diverse. Forside av Sara-Linn Almquist. Redaktør: Are Edvardsen
216 sider
349 kr.
Überpress

Finn alle saker om 24t her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *