Høge hundemenneske

Psykedelisk post-barksisme og Dunce-pause for Jens K. Styve var nokre av høgdepunkta frå laurdagen på årets OCX

Takka vere to større teikneseriebøker som er omsett til norsk i nyare tid, blei samisk kultur og historie opp som eit av festivalens tema for i år. Desse er «Da vi var samer», Mats Jonssons omfangsrike forteljing om Sveriges samiske historie med utgangspunkt i eigne røter, og «Jettens morgen» av finsk-samiske Sunna Kitti.

Når så mykje er sagt så kunne dei ikkje vore meir ulike. Kitti er mangafan, og «Jettens morgen» er prega av dette. Teikneserieromanen har utgangspunkt i Anders Fjellners episke dikt «Solsønnens frieri i jettenes land». Folk seier at dette er ein kjærleikshistorie, og eg er elendig på kjærleikshistorier, forklarte Kitti. Derfor spant ho vidare på den, og gjorde den til eit actioneventyr.

«Jettens morgen» er utgjeve av Cálliidlágádus på nordsamisk og norsk bokmål, men ikkje på finsk ennå.

Sunna Kitti (til høgre)

Kulturelt folkemord
Mats Jonsson har derimot laga ein dokumentarisk teikneserie, og bryr seg mindre om det stilistiske enn Kitti. Folk spør han kvifor han ikkje kan teikne reinare, og svaret er at den sjølvlærte naivisten Jonsson teiknar på den einaste måten han kan.

Ein par ting som han særleg har merka seg når han gjorde research til «Vi var samer» er at historia er ikkje alltid slik at alt er mørkt til å begynne med, og blir lysare etter kvart. I mange hundre år hadde samane, som nomadefolk, ein fordelaktig stilling i samfunnet. Undertrykkinga begynte først på 1800-talet. Då var det ikkje lenger det same behovet for varene dei tradisjonelt hadde produsert og seld (som pelsverk), og fastsetjinga av grensene i nord førte og til mindre flyttefridom for nomadefolk.  Jonsson har også vore oppteke av å får skjebnen skogssamane fram i lyset. Skogssamar blei rekna som ei unaturleg hybridfrom (i kontrast til fjellsamar), og utsett for det Jonsson kallar «kulturelt folkemord».   

F.v. Jens K. Styve, Hiwar Nheli, Helen Kaldheim, Hans Ivar Stordal

Dunce tek manga-pause
OCX’ første manga-samtale, meinte den japanofile Strand-redaktøren Hans Ivar Stordal, som inviterte Helen Kaldheim, før nemnte Sunna Kitti, Hiwar Nheli og Jens K. Styve til debatt om temaet manga. Sjølv om Rakkan nå dessverre blir nedlagt, er manga eit populært tema, og OCX kunne i denne samtalen kunngjere ein viktig nyheit. Styve har nettopp innleia eit halvt sabbatsår frå «Dunce» for å jobbe med sitt eige mangaprosjekt «Cronin». Som ei slags oppvarming (ein test, seier han sjølv) laga han Dunce-episode i mangastil som sto på trykk i seinaste Lunch.

Brian Blomerth (til høgre på forsidebildet) frå New York er første amerikanske gjest sidan pandemien, og faktisk er det første gongen han er i Europa. Han er mest kjent for teikneseriebøkene Bicycle Day (2019) og Mycelium Wassonii (2021), der han skildrar erfaringar med LSD i lyse, lette fargar og surrealistisk landskap. Ikkje noko for rusreforma der altså (noko innleiaren også fleipa med), og Blomerth innrømmer at seriane hans vel er «lett propaganda» for psykedeliske stoff.  Men det mest påfallande med seriane hans er bruken av Carl Barks-inspirert «hundemenneske». Serieskaparen er vel kjent med Carl Barks, og seier for øvrig at han tek utgangspunkt i barnebøker som han innbiller seg at har eksistert, og utviklar det vidare derifrå.  

F.h. Fanny Vaager og Annika Linn Verdal Homme blir intervjua

Ein opplagt metafor
Laurdagen på årets OCX var tungt dominert av scenesamtalar. Framføringa som pleier å vere ein del av laurdagsprogrammet var flytta til fredagen. Siste innslaget før utdelinga av prisen Årets Tegneserie, som i år gjekk til Flu Hartberg for «Jammerdalen», var ein scenesamtale om «Bilde av en brennende Tesla», som også var nominert. Forfattar av podcasthøyrespelet som låg til grunn for teikneserien, Fanny Vaage, og teiknar/rockesangar Annika Linn Verdal Homme var begge til stades på laurdagskvelden, og hadde også eigen stand under heile festivalen. Ein framheva kva fordelar det hadde å gjere denne historia visuell, ikkje minst kjempebabyen, men det var naturleg at mykje kom til å handle om politikk og samfunn.  Fanny Vaage trakk kjempebabyen inn i forteljinga fordi ho ville ha noko surrealistisk, og kunne fortelje at ho ofte får spørsmål om kva som var greia med den.  Så viser det seg ofte at dei veit svaret sjølv: Babyen er ein metafor for kva kapitalismen er villig til å ofre og øydelegge.  


Les også:
Spelkveld på Deichmanske

Alle fotografier av Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *