Attoppbygginga av Raptus er ein gradvis prosess. For å lette arbeidet, satsa dei på det trygge i år.
I 2021 betyr det episke teikneseriar, som Egmonts hovudansvarlege for slike, Tonje Tornes, kallar dei. Teikneseriebøker, hovudsakleg i seriar på fleire bind, eller i alle fall planlagt sånn, med eit eller anna fantasy-tema. Dette er ei viktig satsing for bransjen, og var ei hovudsatsing for Raptus teikneseriefestival i år. Seks av ni programpostar, festivalopninga ikkje medrekna, var sett av til Tornes’ «stjernelag» innan ny fantasy: Malin Falch, Odin Helgheim, Dina Nordlund, Charlotte Sandmæl, Helge Lee (H.L. Phoenix) og Lars Henrik Eriksen.
I tillegg kom Michelle Tolo, Humon, Therese G. Eide, og Jens K. Styve. Mac Ask og Andreas Håndlykken hadde eit innslag via skype.
Tolo inngår i den same litt breie sjangeren som dei seks tidlegare nemnte, berre frå eit anna forlag (Aschehoug) som i mindre grad forer presse og sosiale media kontinuerleg med informasjon om sine teikneseriesatsingar. Intervjuaren var kanskje klar over det då ho begynte med å spørje når neste bind av «Spøkelsesvenn» kjem ut. Nå ser det ut til å bli våren 2022; Michelle Tolo er ferdig med skissene. I motsetning til hos Egmont, der det er blitt skapt forventing om at nye bind i ein serie skal kome ut årleg, er «Spøkelsesvenn» noko som ho driv med i ledige stunder når ho har litt færre oppdrag som concept artist.
Tidspunkt for den nye «Spøkelsesvenn»-boka var ein av få nyheiter å merke seg på årets festival, saman med Helge Lees avsløring om at han ønsker å lage ein «Arkin»-spinoff etter han er ferdig med dei planlagde fire binda i serien (og at bind to kjem før påske neste år).
Humon («Scandinavia vs. The World») frå Danmark var det utanlandske alibiet, også ho ei trygg satsing. Den anglofone dansken (ho snakkar engelsk med det norske publikummet for sikkerheits skuld) var svært populær då ho første gongen besøkte Raptus i 2017. Heilt sidan den gongen har ho framleis problem med å skaffe samlebøker å signere. På årets festival innrømma ho at dette grunner mykje i hennar manglande evne til å følgje opp bokavtalar.
Therese G. Eide og Jens K. Styve med Frode Haaland
Eide og Styve var på festivalen for å snakk om stripeseriane sine kår i det nye tiåret. Fokuset var denne gongen mykje på serianes utanlandslansering. Dunce på fransk, og distribusjon på spansk for heile den nord- og sør-amerikanske markanden blei nemnt, saman med Intet Nytt på Hjemmefrontens inntog i Sverige, Danmark og Storbritannia. Bind to av Dunce på fransk blei også kunngjort.
Programmet var ikkje ein oppskrift på eit spanande, langt mindre utfordrande, festival. Først og fremst teikna den eit triveleg bilde av bransjen, og dette er eit bilde som ikkje verkar direkte falskt. Stjerner og starlets frå Egmonts «episke» avdeling framstår som ein samansveisa gjeng. Nokre av dei, som Odin Helgheim og Lars Henrik Eriksen, er for lengst stadfesta å vere venner frå før. Falch, Norlund og Sandmæl kunne ikkje illustrert den kameratslege tonen betre i der dei i si felles opptreden prata laust og fast om skuleerfaringar.
Festivalens eigentlege hovudperson? Tonje Tornes fekk også greie ut aleine om sine erfaringar som redaktør for den «episke» teikneserielinja.
Festivalen blei gjennomført på hovudbiblioteket i Bergen, der festivalen også var i to år samanhengande før pandemien tvang fram ei naudløysing i 2020. Der vi nå ser, er at festivalen veldig langsamt prøver å bygge seg opp igjen. Publikum kunne igjen møte fysisk, rett nok med maks 35 personar til stades om gongen, men trøysta for festivalleiinga er at dei fleste arrangementa enda med å bli fullbooka (underteikna har sett mange Raptus-arrangement med færre enn 35 gjester, heilt utan pandemi). Dessutan blei det meste strømma, sjølv om opptak i ettertid ikkje er lagt ut. Ein Raptus YouTube-konto blei oppretta så seint som på laurdag, men har så langt berre to videoar, som begge er intervju med Bergensbaserte utgjevarar. Saknet etter ein marknadsplass er framleis merkbart, og ønsket om å kunne tillate stands var då også ein viktig grunn til at OCX utsette årets festival.
Årets festival hadde heller ikkje den tradisjonelle, offisielle avsluttinga med «teaser» for neste års program. Frå leiinga kjem det imidlertid signaler om at ein framleis vil avhalde 25 årsjubileum for ein teikneseriefestival som starta i 1996, sjølv om det må skje på overtid. Ennå kan det la seg gjere å skru opp forventingane til Raptus 2022.