Eg kan ikkje tru at det ikkje er meth

Den tredje Dunce-samlinga, «Nedetid» beveger seg langsamt og sikkert frå kostelege «Breaking Bad»-parallellar til dyster covid-humor. Uansett kan ein alltid stole på at ei Dunce-samling er rik både på personlegdom og ei unik kreativitet.

Hemmelegheita er kanskje så enkel og samstundes så komplisert som at Styve ikkje følger konvensjonane for konstruksjon av humoristiske poeng i stripeformatet, eller i alle fall at han ikkje følger dei konsekvent. Bakgrunnen hans som teiknar er ein annan enn dei som gjekk «Pyton-skulen». Han følgde indie-tradisjonen med det som lenge var signaturserien hans, Finnfinnfinn, ga i ein periode opp teikneseriar for å prøve seg som romanforfattar, vendte attende til teikneseriane først som manusforfattar med Torsken Bel-Air og Kina Town, deretter med Dunces forløpar, JensK, som gjennomgjekk ei utvikling før den blei til ein rein stripeserie.

Ei så variert bakgrunn legg til rette for annleise uttrykksmåtar, og det gjev håp for heile bransjen at eit så tilsynelatande avgrensa format som striper let seg fornye på den måten som Styve har lukkast med.

Ikkje at serieskaparen på nokon måte er isolert frå tradisjonen. Sekvensen der Gustav utforskar livet som ein mygg slektar heilt klårt på liknande episodar frå Tommy & Tiger’n. Skjønt, den så smått legendariske Adventure Time-episoden «Food Chain» (2014) kan også  ha vore ei inspirasjonskjelde.

Men mest fascinerande er serien når ein først ikkje kan gjette seg til kor den er på veg. «Nedetid» begynner i så måte perfekt, då den opnar med eit stripe der Gustav studerer eit glas med Nutella-imitasjonen «Choco Choke». Etiketten viser ein gut som druknar i sjokolade. Med utgangspunkt i eit enkelt, men snedig,makabert ordspel utviklar sekvensen seg raskt til ein historie om Choco Choke som det nye kjemiske motedopet; «Choko Choke har ingen naturlege ingrediensar!» seier Brego for å berolige ein annan hund som lurer på om det er ikkje er farleg for hundar å ete noko med sjokolade.

Å gjere humor av at tilsynelatande ganske ufarlege substansar blir brukt som narkotika er ikkje vanskeleg. Choco Choke-føljetongen er likevel eit høgdepunkt i denne boka, fordi Styve maktar å finne på nok variasjon til fleire veker med striper. Og også fordi han finner ein måte å gjenbruke og fornye ideen på. Inspirasjonen frå «Breaking Bad» var alltid der, men blir gjort endå tydelegare i ein sekvens der Jens begynner å produsere ein ulovleg piratkopi etter at stoffet pålegget blir forbode. Premissen om hundar og sjokolade dukkar også opp seinare i boka, når Brego får valdsam diare av sjokolade. Enten det var underbevisst eller bevisst, så blir det endå morosamare når er sett i samanheng i ei stripesamling.

Jens K. Styves evne til å framheve menneskesinnet si inkonsistens er også verdt å trekke fram i samanheng med denne boka. I ei minneverdig sekvens som samstundes på elegant vis illustrerer «Viss du prøver å tilfredsstille alle»-dilemmaet, blir Gustav besett av å hemne seg, deretter av å gjere til lags, den einaste personen som har gitt han tommel ned på ein hundevideo. Når han endeleg har posta ein video som denne «hataren» gir ein tommel opp, er han likeglad med at tre andre har gitt tommel ned til same videoen, og at den er langt mindre populær enn den første, alt i alt.

Men det mest påtakelege ved «Nedetid» er den korleis den mørke undertonen som serien alltid har hatt, plutseleg blir til ein overtone. Her kjem koronasituasjonen inn i bildet. Sjølv om det var førre boka som fokuserte på dette temaet, dukkar deg også opp fleire gonger her. Og på kort tid kan det gå frå uskuldig ordkløyveri om «anti-antivaks» og antibac, til endå meir uskuldige observasjonar av trivsel på heimekontoret – Til mørk og dyster komedie når Jens faktisk får covid-19, og blir ramma hardt av det, både fysisk og mentalt. Utviklinga av sekvensen er rett nok noko av ein bergmansk klisjéparodi, utan at det rokkar ved alvoret. At korona var hovudtema i førre boka, og det er ingen ting som først tyder på at det skulle bli viktig i denne, kan i seg sjølv fungere som ein advarsel om livets uføreseielegheit.

På same måte får ein sekvens der Jens og familien må bekjempe postens byråkrati for å hente heim ein pakke (tilsvarande sekvensen med det mystiske brevet i første boka) ein overraskande melankolsk utgang når Jens minner Brego om kor kort tid hundar lever. Særleg sett på bakgrunn av at Styve skal ha lurt på å la Brego døy når hans eigen hund døyr.

Akkurat som dei føregåande bøkene inneheld »Nedetid» noko «ekstramateriale»:  Styves hyllestteikneserie frå fjorårets spesialjulehefte «Aukrust i Hundre», eit etterord om serieskaparens veg til stripe nr. 1000, gjesteteikningar, og Dunce-stripene frå «Hourly Comics Day» den 1. februar i år. Førstnemnte følger direkte etter sjukdomsstripene, og sistnemnde står bakerst. Dei avsluttar dermed boka med den litt koselege trivielle stemning som er ein del av seriens naturlege sjarm – Etter den litt bittersøte, melankolske stemninga som også er det.   

Dunce – Nedetid
Av Jens K. Styve
Forord av Nicolas Beaujouan (Dunces franske forleggar)
186 sider
299 kr.
Egmont


Les også anmeldingar av dei to førre bøkene:
Lut og kaldt vatn
Apokalypse snart

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.