Eit rikt liv blir rikare

Frå ei lang rekke med dagboksnotat, teikna då og teikna nå, kjem det vedunderlege heile som Ida Larmos «O’boy» har blitt

«Jeg er 11 år og heter Kim». Slik startar «O’boy – Min klin kokos tegnedagbok». Men namnemaskeringa er syltynn. Du kjem snart til å merke at alle kallar henne for Ida (eller Idda) i boka. Vi treng ikkje å late som dette ikkje er serieskapar Ida Larmos sin barndomsbiografi.

Ho tenkte nok det var uunngåeleg at den nye boka kom til å bli samanlikna med «Bow & Arrow». Men eg trur ho også har nok sjølvtillit og innsikt til å skjønne at ho hadde lite å bekymre seg for, alt i alt. «O’boy» er i høgaste grad eit sjølvstendig produkt.

Barndommens gleder

Ida Larmo har tatt vare på alle dagboksnotata sine sidan ho var 11. Materialet til «O‘boy» var altså klart. Vi følger serieskaparen i barndomsbygda Bjørkelangen gjennom ca. eit år (1992/1993, viser det seg etter kvart). Tittelen er både ein konkret referanse og eit ordspel; den viser til hennar begeistring for sjokolademjølk, og forelskinga hennar i gutar. For så vidt også til ønsket hennar om å vere ein gut, mest fordi det er ein slik stil ho liker.

Den sjølvbiografiske teikneserien er ein populær omfangsrik sjanger, og nivået er jamt over høgt. I det selskapet er ikkje «O’boy» ein intellektuelt sterkt teikneserieroman, men akkurat det gjer den uvanleg forfriskande. Boka ignorerer all retrospektiv refleksjon, og inviterer oss til å følgje Ida berre i augeblinken, som eit barn (eller i alle fall som ein tween). Utan frykt for å vere for utleverande. Ikkje berre humøret hennar, men også kjensla av å vere eit barn smittar med ein gong.  

Barndommens angst (reell)

Med denne boka ville eg ha det litt gøy, sa Ida nyleg i eit intervju. Nettopp frå den direkte stilen kjem det veldig engasjerande narrativ; faktisk kjem dei på lang, lang rekke. Dei fleste er nettopp det, berre gøy, men angst er ein del av barndommen. Og fordi alt ved boka verkar ærleg og uhilda, er også angsten ekstra verknadsfull. Aller mest redd var Ida for å bli kidnappa. Også i den historia er det humor, men den tek ei mørk vending når ein framand mann faktisk prøver å trenge seg inn i heimen hennar. I ein sekvens der Ida brekker beinet i gymmen er mykje av poenget å more lesaren med den grotesk overdrive skildringa av beinbrotet, men i ei heilt uventa vending kommenterer sjukepleiaren at Ida har ein flekk på beinet som kan vere kreft. Ida får straks panikk. 

For oss som kjenner godt til serieskaparen Ida Larmo er det mange bonusar å finne i «O’boy», Bildet av ei ung jente som elskar å teikne og har mykje fantasi blir til den mangefasetterte teiknaren vi kjenner i dag, utan at det må forklarast  I ein sekvens designar ho ei t-skjorte for ein lokal konkurranse, og vinner førsteprisen, den kule draumesykkelen. I ein breiare kontekst var dette kanskje hennar første suksess som teiknar, men sidan «O’boy» ikkje er tilbakeskodande, får vi gleda av å setje saman den biten av livshistoria hennar sjølv. Først i denne scenen gjekk det opp for meg nettopp kor fornøyeleg det er å sleppe å bli bedt om å skode tilbake. For meg som lesar gir det stor fridom.

Vi ser kor dette bærer

Eit levd liv byd på dei beste historiene. Bokas største styrke er likevel at «O’boy» er serieskaparanes beste visuelle arbeid, kanskje nokon sinne. Misforstå meg rett, som det heiter på moderne folkemål, eg har full forståing for at Ida ville fordjupe seg i eit prosjekt som «Rigel». Det ga henne både prestisje, nye lesarar og nye kunstariske utfordringar. Men med denne boka er ho kunstarisk på heimebane som aldri før. Viss eg kan tillate meg å samanlikne med «Bow & Arrow» berre ein gong, så ser du der allereie frå første rute ein mykje meir grafisk nøktern og kontrollert historieforteljing frå same miljø, av same figuren. Her er ho laus og fri, sprudlar av fargesterk energi og fantasi så kvar rute er ein fryd å studere. Ida Larmo bruker noko symbolikk i alle bøkene sine, men er denne gongen heilt hemningslaus. Et brekt bein reduserer henne til ein blodpøl. Ei mamma utan peiling blir til eit romvesen.  Forelsking gjer henne bokstaveleg tala til ein vulkan.

Som teiknar er Ida Larmo så overtydande at eg lurer på om ho kunne gjort også eit kjedelegare ungdomsliv særs underhaldande. Enn så lenge har ho berre gjort eit rikt ungdomsliv endå rikare.  «O’boy» er så oppmuntrande at den kunne skrivast ut på blå resept mot depresjon. Eventuelt med eit par glas sjokolademjølk til.


O’boy – Min klin kokos tegnedagbok
Av Ida Larmo
162 sider
329 kr.
Strand Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *