Tre forteljingar om individet

Ulike historier prøver å finne ein fellenemnar i «Den vegen», fjerde boka i På Fire Bein-serien

Det er vanskeleg å overgå både bodskapen og presentasjonen i tredje bindet av denne serien, «Soloppgang». Så for å by på noko nytt i framhaldet, prøver Berenika Kołomycka å endre på forteljarmåten så forsiktig som premissen til serien tillét.

«Den vegen» er sentrert kring tre korte historier; to som Vesle Rev og Store Villsvin fortel kvarandre, og deretter ein dei blir fortald av ein annan ven, Selen. Nokon veldig klar, raud tråd er her ikkje, men tankar om individualisme går igjen. Rev fortel om ein stoisk steppeulv som han prøvde på gjere seg til venns med, men til slutt respekterte han ulvens behov for å vere åleine. Denne historia utmerkar seg særleg grafisk med steppeulvens design, som er mindre naivistisk og meir stilisert, med ein markant lang og tynn fysikk.

Den andre historia er om Villsvins liv med flokken. I den store flokken er det ingen som bryr seg når Villsvin bryt ut, og ingen som bryr seg når han tilfeldigvis møter dei igjen seinare.  Han ønska å bryte ut; som steppeulven hadde han behov for å vere åleine. Men kanskje ulikt steppeulven ønska han å få stadfesta  at nokon brydde seg. Derfor var han skuffa over flokken, og glad for å finne ein ordentleg venn som Rev.

Selens historie kjem litt på sida av dette, både i handling og i tema. Grafisk utforskar Berenika livet under vatn, uroleg og diffust, men fargerikt og spennande, i kontrast den rolege majesteten til skog og fjell-landskapet som ho oftare skildrar. Sjølve historia er om Selens møtet med en langust (ein underart av storkreps) som bokstaveleg tala ikkje tør komme ut av skalet sitt. Denne forteljinga handlar mest av alt om å ha mot til å leve, sjølv om individualisme er tema også denne gongen. Historia har ein meir konkret moral, og er derfor særskilt veleigna til å avslutte boka med.

Men lest som ein heilskap kan «Den vegen» tolkast på fleire måtar. Sjølv tittelen ber jo bod om det, for det er ikkje heilt eintydig kva den vegen er. Kanskje er det derfor teksten bak på permen er så ordrik. Utgjevaren (i alle fall den norske) følte tydelegvis for å hjelpe lesaren litt på veg.

Permen forklarer meir enn ein bokperm treng å gjere, etter mi meining. Men det er jo sant at denne boka har fleire lag enn dei tidlegare. Viss du er vaksen og skal lese den høgt for barn, vil eg råda til å lese den minst ein gong for deg sjølv først, og tenke over den. Kanskje vil du finne det stimulerande for deg sjølv også, og deretter kan «Den vegen» stimulere til gode samtalar med dei små.   
 

På fire bein (4) – Den vegen
Av Berenika Kołomycka
Omsett av Knut Inge Andersen
48 sider
249 kr.
Andersens Forlag

Les også:
Anmeldingar av alle «På fire bein»-bøkene
Intervju med Berenika Kołomycka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *