Viss du lo av dette, vil du kanskje like…

Lille Berlin sommerspesial er 50 % Lille Berlin og 50 % folkeopplysning. For folk må minnast om at teikneseriar er kule og vitale.

Dette er den gode bodskapen som Strand har vore nøye med å inkludere i sine publikasjonar, ikkje minst nå i sommar. Litt flåsete kunne ein sagt at Lille Berlin sommerspesial feirar «girl power» med eit album som bare frontar kvinnelege serieskaparar, men publikasjonen gjer ikkje noko direkte poeng av at «også jenter kan lage teikneseriar».  Eit poeng som uansett hadde vore oppbrukt nå.

Koronakrisa er meir dominerande; både Ekman og gjestene Tegnehanne og Maren Uthaug kjem inn på dette temaet. Uthaugs bidrag er ekstra velkomne, fordi stripene hennar ikkje går fast i noko serieperiodika, så ho er ikkje så overeksponert, og materialet er nytt. Sjølv om poenga er til dels velbrukte nå, har serieteiknarens minimalistiske kynisme nok karakter til å gi dei særpreg.  Tegnehanne, som er den mest profilerte gjesteteiknaren i albumet, har eg lest det meste av før, men materialet er  heldigvis ganske ferskt.

Av dei andre gjestene presenterer albumet Jenny Jordahls første teikneseriebok som auteur, «Hva skjedde egentlig med deg?». Denne kunne like gjerne ha vore månadens feature i eit nummer av Pondus. På den andre sida er bokas tema – kroppshysteri – i Ekmans gate.  Eit intervju med Malin Falch, som vel knapt treng PR’en, burde vere litt langt på sideinja, men har ein fungerande overgang i form av nokre Tegnehanne-striper om henne. Dessutan kjem intervjuet også inn på mindre føreseielege saker, m.a. Malins vedvarande interesse for å lage fan art. Ein teikning av Nordlys-gjengen i koronamodus friskar også opp.

Albumet byd altså på ein variert og informativ pakke som er verdt å ha. Når så mykje er sagt, ville eg satt stor pris på eit reint Lille Berlin-album. Til liks med Rocky er Lille Berlin prega av passiv bildebruk som blir oppvegd av kvaliteten på dialogen. Ellen Ekman er, ved sida av John Allison og Ryan North, den dyktigaste reint verbale humoristen eg kjenner til innan teikneserieverda. Igjen som Martin Kellerman gjer ho svada til ein kunst, men i motsetning til Kellerman vil ho alltid ein stad med svadaen. Dette er sjølvsagt fordi ho stort sett har ein bodskap å komme med. Ekman blir hylla for å latterleggjere hipsterkulturen, men ho ler oftare med hipstarane enn av dei.

Den feministiske og pro-veganske sarkasmen kan bli føreseieleg når ein leser fleire Lille Berlin-striper på rad. Her er det serieskaparen sine tale-(eller skrive)gåver kjem til sin rett. Med si glitrande formuleringsevne og rundsnakkingskunst ligg Ekman til ei kvar tid litt føre andre politiske, svenske stripeteiknarar som t.d. Lina Neidestam, og byd på ein meir sjarmerande form for såpekassetale.         

Dessutan er det teikn til at Ellen Ekman kan tenke i visuelt likavel, noko som også blir tydelegare når ein leser fleire Lille Berlin- striper på rad.


Lille Berlin – Sommer 2020
Av Ellen Ekman, Tegnehanne, m.fl.
100 sider
129 kr.
Strand Forlag


Les også:
Intervju med Ellen Ekman

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.