Guddommelegheit og menneskelegheit

Avsluttinga av Vei-sagaen kan berre ikkje bli episk nok for serieskaparane sin smak, men den er også rik på personlegdom.

Så fullførte Egmont Elfgrens og Johnssons Vei-saga på norsk allereie, og det med mindre enn eit halvt års mellomrom mellom binda (i Sverige var det to års mellomrom).  Tru om dei norske utgjevarane var redde for at folk skulle gløyme serien viss dei lot Bok 2 vente eit år? Eller kanskje redaktørane hadde det travelt med å få den ut mens Egmont ennå var i humør til å prøve nye seriar. I dagens kultur-og medielandskap, kven veit kor eksperimentelle dei store forlaga tør å vere frå eitt år til det neste?  I alle fall når det gjeld teikneseriar…

I Bok 2 er det ikkje mykje igjen av vikingliv, eller jordeliv for den saks skuld, nå er vi fullstendig i mytologiens vald. Vei er jotnane sin mester i «Meistarileikir», jotnane og æsene sin tvikamp om verdsherredømmet. Vinn ho tretten kampar på rad, blir jotnane Midgards nye gudar. Vei må ta stadig vanskelegare val på vegen mot den trettande kampen, og om ho skulle vinne, vil Odin i det heile tatt godta eit nederlag?

Omslaget til Vei, Bok 2, er ein openlys, men smart kontrast til førre omslaget, der Vei sit vaktsam, men fredfylt, bak eit vakkert naturlandskap med ei regnboge. Denne gongen står ho på ein blodstenkt arena med ein like blodraud solnedgang i bakgrunnen. Begge detaljar er klare peikepinnar.  Handlinga i Bok 2 er sentrert rundt tvikampane, og i bakgrunnen lurer ei apokalyptisk uro. Dette gir Karl Johnsson høve til la fantasien få fritt spelerom når han teiknar underjordiske, uhyrer og kosmiske fenomen. Om mogeleg er han endå meir skamlaus og vedunderleg bombastisk enn manuset han illustrerer i Bok 2, og det skal mykje til. Skjønt han er like mykje mannen for dei gode og nøye gjennomtenkte rutekomposisjonane som for dei mest slåande ekstraordinære augneblinka.    

Mest påfallande med Bok 2 samanlikna med den første, er æsene sin framskotne plass i historia. I Bok 1 fekk vi inntrykk av at det var dei bhagavadgita-blå jotnane vi skulle halda med, og sjølv om dei framleis er skildra som det betre alternativet, gir Elfgren i større grad personlegdom og djupn til åsagudane denne gongen. Til og med til Odin, trass i at han er gjennomgåande usympatisk skildra. Og framfor alt har Loke fått ein essensiell rolle i soga, skal det vise seg. Som andre teikneserieforfattarar før henne tek Sara B. Elfgren seg fridomar med Lokes opphav for at guden skal passe inn i den historia ho ønska å fortelje. Mellom anna er ho kvinne, men faktisk så er det ganske mykje her som stemmer over eins med mytologiske førestillingar om figuren. Og mytologi er noko forfattaren har inngåande kjennskap til, det kjem fram fleire gonger i boka. Dess meir ein tenker over det, dess meir naturleg og perfekt er Lokes framskotne plass i seriens bind to.  Med litt meir djuptgåande kunnskap om norrøn mytologi kunne du kanskje til ein viss grad gjetta det store vendepunktet, men soga held fram med å ta nye vendingar mest til det siste.  

Vei er ein tobinds teikneserieroman som vi skal vere stolte over å ha fått på norsk, ei blanding av norrøn mytologi, kosmisk amerikansk superheltestetikk og meir sensuell europeisk fantasy, med ei underliggande kjensle av at her kunne det passa med litt progressiv synthmetal i bakgrunnen. Eit formfullenda verk i sin sjanger.


Vei, Bok 2
Skrive av Sara B. Elfgren, teikna av Karl Johnsson
Omsett av Mari Moen Holsve
228 sider
249 kr.
Egmont




Les også:
Anmelding av Vei, Bok 1

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *