Det store smellet

Vel, året som nettopp har passert kan det ikkje bli vanskeleg å seie mykje interessant om, kan det vel?

I 2024 er det særleg ein sak som kjem til å stå igjen over alt anna i teikneserie-Norge, men la oss ta dette sånn omtrent kronologisk.

Året begynte på mange måtar som et apropos til det som skulle hende, då Egmont og Serieteket arrangerte bokbad med lanseringar av nye titlar innan nordisk manga-segmentet i januar. Dette var så vellukka at arrangementsforma blei gjentatt tre gonger før frå mars til september. Nordisk manga som ei merkevare var ytterlegare styrka.

Bladdauden
Til påske blei det kjent at Strand innstilte publikasjonen av sine periodika Pondus, Lunch og Storefri – mellom påskeferien og juni. Lasse Espe i Strand innrømte at våren er en dårleg salsperiode for blader i butikkane og kioskane samanlikna med resten av året, og at det var ei utvikling dei hadde sett over fleire år. Ei litt triviell sak, kanskje, men ei veldig viktig og talande påminning om bladdauden i kiosk og supermarknad. Berre folk som står utanfor og ikkje ser inn, trur at teikneseriar er noko ein primært finner hos Narvesen og Extra. Eller at Donald Duck & Co framleis er ein bauta som heile teikneseriebransjen kviler på.

I fleire år nå har fagfolk brukt ordet «klassereise» om det som skjer med teikneseriar. Bladdauden er ei utvikling som det ennå er mogeleg å bremse, men ikkje å stanse. Teikneseriane sin framtid er som «kultur» i bokhandlarane og på biblioteka, og som «subkultur» på nettet, men i mindre grad som «triviallitteratur» i kiosken. Norske teikneseriar sitt inntog i bladhyllene på 90/00-talet var ein suksesshistorie, men det same kan seiast om dei nyare norske seriane. Sal og merksemd er i stadig vekst. Eksport også; Nordlys og Krypto kom t.d. begge ut som hefte på den tyske utgåva av Free Comic Book Day 2024.

Arrangementskulturen er ein del av dette. Teikneseriefestivalar er eigentleg berre litteraturfestivalar dedikert til eit bestemt format. I 2025 er OCX og Seriefest rett nok utsett til hausten av praktiske grunnar, men dei har stått av verre utfordringar enn det (i alle fall OCX). Raptus kjem moglegvis til å slite meir, etter at dei mista si faste overføring frå bykassa til Bergen kommune.

Harukkas ønske blie den siste Nordlys-boka frå Egmont

Jordskjelvet
Årets store festivalar gjekk som normalt men like før Raptus kom bomba, som passande nok fekk namnet TnT1. Tonje Tornes blei tilbydd eit eige imprint under Bonnier Norsk Forlag, og Tormod Løkling blei med på lasset. Derav namnet. I dagane etter Tonjes forlagsskifte kom den massive avhoppingsbølga: Så godt som alle «nordisk manga»-teiknarar gjekk frå Egmont til TnT, og når dei blei spurt individuelt, var svara alltid dei same: Eg var aldri i tvil! Eg ville følgje der Tonje gjekk! Eg spurte kanskje kollegane mine kva dei skulle, men uansett så ville ikkje svara deira vore avgjerande; eg hadde følgd Tonje uansett!

Unikt solid redaktør-lojalitet førte til et jordskjelv i bransjen, eit vi ikkje har sett maken til sidan Frode Øverli og Børge Lund gjekk til det nyoppretta Strand Forlag like før jul 2018. Og det viste seg seinare å bli ei mykje større hending enn kva noko hadde forutsett då. Porteføljen til Strand Forlag held fram med å vekse, og blir nok ytterlegare utvida etter vårens store teikneseriekonkurranse.

Men mens jordskjelvet i november 2018 var uunngåeleg, var 2024 det ikkje. Egmont tok sjansar dei må ha vore klar over då dei kutta talet på faste tilsette. Og tapte. Men var det eit tap dei var innstilt på? Satsinga på nordisk manga var ein dyd av marknadstilpassa nødvendigheit då dei mista Pondus og Lunch, og ga opp Fantomet. Nå forsvinner nesten alt av nordisk manga frå forlaget. Rutetid, Egmonts siste periodika som blei fronta av ein norsk serie, forsvinner også, og bidreg dermed til bladdauden.

Egmonts første mottrekk ser ut til å ha vore å utlyse ein juleheftekonkurranse (pågår ennå). Eit interessant grep i ein tidsalder der juleheftesatsingane er tryggare og meir straumlinjeforma enn nokon gong sidan midten av 70-talet. Men held det? Strengt tatt ikkje. Bransjen treng meir ambisiøse satsingar. Kjem det meir? Om det blir fleire blader er i alle fall tvilsamt.

Hardråde

Norsk identitet
TnT held fram med bokbada, i alle fall for sin første utgjeving nå i januar. Tonje Tornes sin innflytelse og sjølvtillit er enorm, og ho har fått med seg endå fleire serieskaparar enn dei som kom rett frå Egmont. Salstala tyder på at fantasy framleis har eit veldig solid grep, men den begynnande trenda som eg i fjor såg for oppvekstforteljingar held etter alt å dømme fram.

Ein annan trend som har halde fram i fleire år allereie, og som nå er ytterlegare i vekst, er historiske teikneseriar. I 2024 såg vi at John S. Jamtli ikkje lenger fekk ha motstandsheltane for seg sjølv lenger, då Kagge Forlag lanserte teikneserien om Max Manus allereie i februar. Og kor lenge kjem Ekeberg og Kanten til å få ha vikingtida for seg sjølv? Ikkje lenge, er svaret frå Aleksander Kirkwood Brown og Andreas Iversen (som også teikna Max Manus). Dei held på med ein teikneserie om Eirik Blodøks’ kone.
Dette handlar om norsk identitet, særleg den historisk funderte identiteten. Teikneseriar som spelar på slikt har fleire klare fordelar, ikkje minst all merksemda som slike publikasjonar får frå media og kulturliv. Skal ein først satse skikkeleg på ein teikneserie, kvifor ikkje bruke ein historie som offentlegheita faktisk vil snakke om?

Gender Queer

Større skiljelinjer
Eit ønske på sida av utgjevnader er at vi kunne jobbe for å finne ein måte å samle Serie-Norge på i det nye året. NTF har ikkje lenger denne funksjonen. I samband med tidsskiftet Bobla sitt 50-årsjubileum neste år har dei rett no tatt eit tidsriktig grep ved å alliere seg med Foreningen for Norske Mangaskapere (FoNoMa). Men på same tid blir NTF mindre inkluderande ved at det er fatta vedtak om at styret skal godkjenne nye medlemmer før medlemskap blir innvilga. Bobla blir dessutan separert frå sjølve medlemsskapet.

Avslutningsvis kan det vere verdt å nemne eit lite teikn i tida, særleg fordi det på mange måtar var siste kapitelet i forteljinga om Teikneserie-Norge 2024. For ein snau månad sidan prøvde ei aksjonsgruppe i Arendal å få Maia Kobabes kritikarroste teikna sjølvbiografi «Gender Queer» fjerna frå eit skulebibliotek i byen (med uttrykt ønske om å få den fjerna fleire stader) fordi den visstnok var «pedofili». Rektor valde til slutt å behalde boka, men gnisten var tent. Dette vil skje igjen. Som det blei sagt om den aktuelle saka på podkasten «Skeiv Dagsorden»: Det kjem ein neste ting, og ein neste ting, og ein neste ting…

Du som teikneserieskapar trur kanskje at du kan handsame tema som LHBT, religion, rasisme eller miljøvern på ein måte som ikkje er eigna til å provosere. Men det trudde Nora Dåsnes også, då ho let hovudpersonen i «La skogen leve!» sparke til ein dieselbil.

Slike stridssaker er også ein del av klassereisa. Og av grunnar eg ikkje skal utbrodere her, men som eg trur at folk aner, ser 2025 ut til å bli eit år med veksande skiljelinjer.


  1. I følge Bonnier Norsk Forlag skal det stavast TnT, ikkje TNT https://bonnierforlag.no/artikler/tnt-v%C3%A5rt-nye-tegneserieimprint ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *