Fanzinefredag 5

I haustens første fanzinefredag ser vi på nye eigenpublikasjonar som blei tilbudd på årets raptusfestival.

Ein av konklusjonane mine frå Raptusfestivalen 2023 var at teikneseriane sin plass på marknadsplassen gradvis er blitt sterkt redusert. Utviklinga har gått føre seg i fleire år, med unnatak av standsene til Outland og Überpress var det i år beskjedent med teikneseriar mellom trykk og klistremerke. Underground er det i alle fall svært lite av. 

Men ein og annan meir familievennleg serieskapar prøvde å fylle tomrommet.  

Kaptein Krill:
– Redder Belit
– Gullet ska’ hem

Av Tony Jensen
12 sider stk./40 kr. stk.
A4

Kaptein Krill er sjørøvaraliaset til Tony Jensen, pedagogisk leiar i Eventus Kvernslåtten barnehage utanfor Bergen. Med eit litt mindre produksjonsapparat bak seg enn Kaptein Sabeltann, legg han si ære i å tilby heimesnekra merchandise; leikesverda er av tre, og myntane frå skattekista er prega i tinn. På same måten har han også produsert teikneseriehefta sjølv. For å få til det måtte han rett nok ta nokre snarvegar; kvart hefte er som nemnt berre på tolv sider, og ser ut til å ha vore laga med fotografi som enten er filtrert gjennom AI eller teikna over.

Gullet ska’ hem

Det første heftet, «Kaptein Krill redder Belit» (2022) er basert på videoar som Jensen har laga saman med venner og kollegaer. Med det andre heftet, «Gullet ska’ hem» (2023) har Jensen gjort seg litt flid med å få rutene til å sjå meir forseggjorte og til dels teikneserieaktige ut, det skal han ha. Men produkta er sjølvsagt for enkle til at dei rettferdig kan vurderast på lik linje med andre teikneseriehefte, sjølv etter fanzine-standard. Dei er meir som promoar for Tony Jensen sine uttalte ambisjonar om å lage spelefilm av Kaptein Krill. Med tida får kanskje den erkebergenske sjørøvarkapteinen også ein skikkeleg teikneserie, med manushjelp og  teikningar av profesjonelle.

kapteinkrill.wordpress.com
facebook.com/p/Kaptein-Krill

*

Brunsneglegjengen 2
Katten min er tøffere enn din!
Av Alf Christian Saasen
ca. 70 sider stk./100 kr. stk.
A3

Sivilingeniør Alf Christian Saasen laga fleire teikneseriar, særleg under pandemien, før han let seg overtale av Morten F. Thomsen til å trykke opp fire av dei og selje dei på Nerdens Julemarked i november i fjor. Tydelegvis var resultatet oppmuntrande nok til at han haldt fram med både produksjon og sal. På OCX i år tilbaud han nyheita «Brunsneglegjengen 2», pluss fire tidlegare album, på stand. På Raptus i år tilbaud han nyheita «Katten min er tøffere enn din!», pluss fem tidlegare nyheiter på stand. Og han har gitt signal om at han vil halde fram med dette vidare også.  

Brunsneglegjengen 2

«Brunsneglegjengen 2» er den første oppfølgjaren som Saasen har laga. I første albumet møter vi tre ungar som prøver å tene ekstra pengar på å fjerne brunsniglar, og ender med å måte nedkjempe ein gigantsnigle. Utgangspunktet for oppfølgjaren er ikkje så verst originalt; jenta i gjengen blir sendt til behandling fordi ho framleis er besett av monstersniglar. Gutane anar uråd, og bestemmer seg for å følgje etter henne.

«Ein gut og hans X» er allereie eit tilbakevendande konsept i Saasen sine seriar, med albuma «Roboten fra garasjen» og «Glade jul, hellige jul, vesener daler ned i skjul» som forløparane til «Katten min er tøffere enn din!». Denne gangen er det sjølvsagt snakk om ein gut og hans katt, som må opp i berget for å hente farens bilnøklar og ymse andre ting som troll har stole.

Trolla ser ikkje veldig norske ut, meir som om dei er designa av Luke Pearson, noko som må tilskrivast Saasens økonomiske teiknestil. Ting treng ikkje å vere forseggjorte, så lenge dei er forståelege og konsistente. 

Katten min er tøffere enn din!

Albuma til Saasen er familievennlege fantasiforteljingar, stilisert og naivistisk teikna, med tilsvarande naivistiske forteljingar. Dei er ein glad amatørs verk, men ein skal ikkje lese mykje før ein ser at seriane hans har ein særeigen sjarm. Ofte er handlinga drive fram av kvasi-logikk ikkje ulik den ein kan finne hos små barn. Premissen fungerer, ikkje trass i at, men fordi historiene ikkje er underlagt redaksjonell kontroll. Lite blir forklart, ting skjer berre fordi dei treng å skje (plutseleg har guten «lært seg» å snakke med katten sin), og til slutt heng det brukbart saman likevel. Dei fleste av figurane har ikkje eigennamn ein gong, men dialogane er skrive slik at ein sjeldan tenker over dette.

Av årets album vil eg seie at «Katten» er det beste, fordi det er vanskelegare å gjette fleire av detaljane i handlinga, og fordi det er lettare å få naturomgjevnader (som det er mest av i «Katt») til å sjå bra ut i Saasens strek, enn bygningar og interiør (som det er mest av i «Brunsneglegjengen 2»)

instagram.com/saasens_verden
linktr.ee/Saasens_Verden

2 tanker om “Fanzinefredag 5

  1. Takk for fine anmeldelser, det var hyggelig å lese. Og ikke minst takk for at du tok deg tid til å anmelde tegneseriene!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *