
I Fremtidens araber V tårnar familiekrisene seg stadig høgare medan hovudpersonen prøver å finne seg sjølv i alt mylderet.
Riad Sattoufs sjølvbiografiske seksbandsverk, Fremtidens araber, nærmar seg slutten, men er like vital i si skildring av mellomforskap som tidlegare, sjølv om – eller kanskje nettopp fordi – denne boka utelukkande finn stad i Frankrike. Dette er også tydeleg i omslagsdesignet: Der tidlegare band har vore prega av fargane til det syriske flagget, er årets bok pryda med den franske trikoloren. Fargebruken signaliserer kanskje ein retning bort frå undertittelens «Barndom i Midtøsten», men ikkje heilt: Pappa Abdel heng som ein skugge, forma som Syria, over hovuda på det som er att av familien Sattouf.
Mellomforskap er ein umogeleg situasjon der eit individ verken høyrer til gruppe A eller B, men oppheld seg i ein hybridtilstand, ein slags dobbel negativitet. Hovudpersonen, Riad, er verken «ekte» syrar eller «ekte» franskmann; identiteten hans er i beste fall uklar. Når forteljinga no beveger seg inn i tenåra, er det også naturleg at ho blir meir søkande: Riad blir stadig meir oppteken av å definere identiteten sin og søkjer høgt og lågt etter svar. Boka blir så også omtala som «En sann historie om åndelighet», ein lovnad som leverer. Her møter me alt frå H.P. Lovecraft til spiritisme, helgendyrking og flørting med satanisme.

Førre bok slutta med at Abdel hadde kidnappa den yngste sonen, Fadi, og teke han med tilbake til Syria. Dette pregar naturleg nok Fremtidens araber V. Medan mora synk gradvis lenger ned i fortviling og desperat religiøsitet, er likevel Riad meir oppteken av å overleve som tenåring. Han forelskar seg i den sosiale kameleonen Anaïck (duftar av sveitte og lavendel), og han prøver forme identiteten sin gjennom litteratur, musikk og (endeleg!) teikneseriar. Gjennom Anaïck møter Riad verka til dei store meistrane Moebius, Bilal og Druillet og blir fjetra: han må bli teikneserieteiknar. I ein profetisk scene snakkar kompisen Grégory om kor hardt livet som teikneserieteiknar er: «Du sitter alene hele dagen og sliter over tegnebordet … Treffer ingen, gjør ikke annet enn å tegne», og så vidare, heile tida medan andletet til Riad blir meir og hypnotisert. «Alt han sa var ting jeg LIKTE!». Valet av retning gjer også noko med sjølvsikkerheita, noko han får bruk for i den dramatiske og samtidig antiklimatiske avsluttinga.

På mange måtar endrar denne boka seriens karakter ved at ho tek form av ei danningsforteljing meir enn ei rein oppvekstforteljing. Det handlar, skjønar me, om kva som har forma Riad, kulturelt og psykologisk, samtidig som det handlar om korleis det er å vere både fransk og syrisk på samme tid (og ikkje minst korleis det er å ha ein ustabil syrisk far).
Forteljinga om faren ligg heile tida som ein skugge over forteljinga, tydeleggjort ved at Riad i ei scene berre hugsar han som ein andletslaus skugge. Kaoset den vesle familien står i er ofte meir distraksjonar frå det som verkeleg betyr noko; venner, teikneseriar, musikk, og ikkje minst jenter. Det som formar Riad finst både i det familiære og dei kulturelle impulsane han etter kvart omfavnar. Kanskje det ikkje er så viktig om han er «ekte» franskmann eller «ekte» syrar, så lenge han er kunstnar?

Sjølv om tematikken er alvorleg er boka først og fremst humoristisk, noko også teiknestilen tydeleggjer. Sattouf er ein meister i å teikne keitete ungar og ungdommar, og mimikken til karakterane speler særleg godt på lag med forteljarstemma for å underbyggje slapstickhumoren. Trufaste lesarar har også vent seg til dei mange små løkkeskriftkommentarane som tørrvittig kommenterer eller ironiserer over det som manifesterer seg i rutene. Elles bidrar fargevalet også i dette bandet til å forsterke eller illustrere poeng. I tidlegare band har fargelegginga i stor grad vore knytt til kva land Riad oppheld seg i. Sidan denne boka føregår i Frankrike er det meste blåfarga, men med fleire kontrastfulle brot med raudt. Ofte er dette tankar Riad gjer seg om det han opplever, andre gonger som eit slags syrisk samvit, representert ved fordømmande kommentarar frå fetteren Wael og kusina Quamar. Det raude representerer også ofte fare eller seksuell opphissing, noko som naturleg nok er ein sentral del av tenåringshjernen til Riad.
Korleis det går skal ikkje røpast her, men det ender som seg hør og bør med ein cliffhanger som lar lesaren lengte etter meir. Det har lege i korta lenge, men med denne boka styrkjer serien seg som ein moderne klassikar. Eg gler meg allereie til å lese han på nytt! Når det no berre gjenstår eitt band i denne serien er det også fint at han er i trygge hender hjå Gyldendal og at Alexander Leborg framleis er med som omsetjar. For ein samlar er det også gledeleg at Gyldendal har bevart formatet frå dei tidlegare utgivingane.

Fremtidens araber – Barndom i Midtøsten (Del V: 1992-1994)
Av Riad Sattouf
Omsett av Aleksander Leborg
184 sider
279 kr.
Gyldendal
Les også om dei føregåande binda:
1978-1984
Del II: 1984-1985
Del III: 1985-1987
Del IV: 1987-1992