Julehefter 2021 – Klassisk Amerikana

Der er kun nokre få att no, av desse gamle, gamle Amerikanske sundagsstripeseriane som
for mange er det mest trauste av det vi kjenner som julehefte-teikneserier.

Snøfte Smith og Skipper’n er forvist til eit oppsamlingsbind (“Juleklassikere”, kommentert i ein av våre andre anmeldingar). Presentasjonen er god, med fyldige introduksjonar av kor ein er i serien. Det er positivt. Eg skal ikkje legge meg så mykje opp i kor lenge det er sidan stripene sist vart opptrykt, dette er stort sett bra nok til at nye generasjonar kan ha godt av å få det med seg, sjølv om delar av innhaldet kanskje ikkje haldast for heilt stuereint lenger (og stripene vert utvald deretter).

**


Blondie
Blondie er vel det ein kallar “A guilty pleasure” for meg, slike ting som mange meiner er gått ut på dato, klassiske familiekomedier frå 1950-talet (eller heilt attende til tidleg 1930-tal i dette tilfellet). Javisst, der er utdaterte kjønnsrollemønster og mykje tullete forstadsablegøyer, men for meg så er det framleis morosamt. Idyllisk forstadsliv i det glansbiletet av Amerika som var populært på 1950-talet, med kvitsnippsarbeid og heimeverande kone var ein illusjon, ein Potempkin-landsby som vi no er så altfor kjend med baksida av, men der er ein grad av ærleg entusiasme rundt denne idyllen som framleis fenger.

Kanskje settingen er litt datert, men likevel så er dette eit vakkert teikna hefte med gags som er oppbygd med metronomisk presisjon. Sjølv om serien repeterer seg sjølv i det uendelege, i ei slik grad at ein ser starten på ein gag og byrjar å glede seg, for sjølv om ein ikkje veit nøyaktig kva som skjer, så veit ein at NOKO er på ferde, så er det alltid rom for noko overraskande nytt. Årets hefte har ganske mange spreke striper, så absolutt verdt å få med seg.
5

**


Fiinbeck og Fia
Årets hefte er frå slutten av George McManus sin periode på Fiinbeck på 1950-talet, men han og assistentane har gjort ein framifrå jobb, og både teikningar og gags er perfekte. Vi får her ein god del flashbacks frå tidleg i Fiinbeck sitt liv, når han var ein vanleg arbeidar og var ute og fridde til Fia. Det gir ein viss ballast til hans motvilje mot rikmannslivet i resten av stripene. Det er vel ikkje lenge sidan sist vi såg dette, men likevel så er det Fiinbeck på sitt beste når vi får sjå den blottlagte nerven i serien.

Det er pussig at med tida så vert denne serien, så rotfesta i dei store økonomiske skilnadane i den amerikanske “Gilded Age” og 1920-åra, meir og meir relevant. Fattigdommen, nyrike mennesker og dei poserande nyrike, meir opptatt av å verte sett enn å leve eit godt liv,

McManus tok si samtid på kornet, men der er ekko av vår eiga tid òg i dette gamle materialet.
6

**

Knoll og Tott
Vi får i introduksjonen vite at årets striper er blant Harold Knerr sine siste. Knerr tok over etter Rudolph Dirks i den kontroversielle saka der “Knoll og Tott” serien som i ein parodi på Kong Salomo sin visdom vart kløyvd i to og likeleg fordelt, men her er det enden på visa for han.

Det er så seint i serien sitt liv at ein har gått ned frå 12 til 9 ruter, og plassen har krympa sopass at ein “zoomar inn”, omlag som å gå over frå filmformat til TV. Teikningane er framleis solide og gagsene fungerer, men der er mindre rom å boltre seg på, så sett i forhold til glansperioden så er det litt skuff, men Knerr er framleis i toppen av gamet. I introduksjonen er det gjort eit nummer av at ein måtte luke ut ein del striper grunna framstillingar av dei innfødte. Eg har ikkje hatt noko inntrykk av at stripa har vore særs rasistisk i framstillinga tidlegare, sjølv om dei karikerte teikningane nok kan argumenterast i den retninga. Uansett så er Knoll og Tott ein serie som krever ein ståande “Trigger Warning”, men det går jo an å sette pris på han likevel. Det er enkle, men godt gjennomførte gags, velbrukte situasjonar men teikna med entusiasme.
4

**


Kapteinens Jul
Dette er i perioden der John Dirks offisielt tok over serien etter faren, sjølv om han hadde vore involvert lenge. Det er seint, det er 1970-tal, det er mindre plass, teikningane er veldig enkle og ikkje så sprudlande og alt for mykje plass vert gitt til figuren Flopp, i staden for Knoll og Tott og resten av det faste persongalleriet. Kanskje morosamt for Dirks, som eit avbrekk til 75 år med resten av gjengen, men for meg lite interessant. Det meste av heftet går med til ein lite interessant føljetong om ein sjeldan fugl.

Grei tidtrøyte, og stripene med Kapteinen og Knoll og Tott er OK, men Flopp flopper.
3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *