Gnagarperspektiv

Vi er allereie oppe i bind seks av Berenika Kołomyckas «På Fire Bein»-fabelsoge på norsk. «Trøbbel» er ein noko mindre ambisiøs sak enn forgjengarane.

Det er haust, og alle dyra i skogen er travelt oppteke med å lagre mat for vinteren. På grunn av den store skogbrannen er det mindre mat enn vanleg. Skogbrannen var tema for førre boka i serien, «Bang!», sjølv om det ikkje er naudsynt å ha lest denne for å skjønne kontekst og handling i «Trøbbel»

Boka er tredelt. Første delen handlar om at Vesle Rev først ikkje kan finne det hemmelege spiskammeret sitt, og snakkar høgt til seg sjølv om at han trur det er Store Villsvin som har spist opp forsyningane. Eigentleg hugsa han berre feil om kor han hadde lagt dei, men før han oppdagar det, blir han overhøyrt av gnagarar som vil seie det vidare til Store Villsvin.

Den to andre delane handlar om dei to smågnagarane som vi møtte i først delen, ei skogmus og eit ekorn, og deira små problem.

Boka har sjølv to små problem. Den manglar ei kjensle av heilskap, sjølv om smågnagarane er ei raud tråd, og konfliktane er trivielle. Det er mogeleg å handsame desse problema med litt kløkt. Berenika har gjort det før, når ho kopla saman tre små historier i fjerde bindet. Og ho lukkast med å gjere det trivielle engasjerande i første delen av denne boka. Store Villsvin er så praktisk at han stoggar ryktet før han får høyre det, ein gong. Et det gode nyheiter, spør han. Det er det ikkje. Er det noko nyttig, spør han så. Det er det ikkje. Då er det best du held dette for deg sjølv, konkluderer han etter ein kort tenkepause.

Bodskapen er dermed at ei mistyding er ei mistyding, og burde i dei fleste tilfelle vere lett å ordne opp i. Å sjå at den faktisk kan vere så lett å ordne opp i viss ein berre brukar ørlite grann fornuft, er i grunnen veldig sjeldan, og uvanleg forfriskande, i en fiksjon. I dette tilfellet er det heilt greitt, og til og med ønskeleg, at det går på bekostning av dramaet.

Sjølvsagt er det også ein breitt famnande moral her om å ikkje stole på rykte og undersøke ting godt nok, som du om naudsynt kan legge når du leser for barna.

I samanlikning er dei to andre forteljingane litt for flate og enkle, og i den siste av dei må bodskapen forklarast så tydeleg som mogleg i dialogen, to gonger. Denne serien pleier elles å vere betre på å inkorporere bodskapane.

Nivået på illustrasjonane svarar også til ambisjonane i historieforteljinga. Akvarellane til Berenika er like vakre som alltid, men det er dei små og stille landskapa vi blir kjente med i «Trøbbel». Variasjonen er noko mindre. Til gjengjeld er det ein litt interessant kontrast mellom ein av hovudpersonane i dette bindet, ekornet med sitt nærmast kubistiske hovudform, og dei andre meir runde og naturalistiske måla pattedyra.

Kanskje vurderer eg små barneforteljingar litt for strengt, men etter seks bind av «På fire bein» er eg van med eit ganske høgt forteljarnivå på nettopp denne serien. Det enkle treng ikkje å vere banalt, og eg oppfattar «Trøbbel» mest som eit mellomspel.


Oppdatering 2/2: Etter å ha posta denne anmeldinga fekk eg beskjed frå Andersens Forlag om at «Trøbbel» er den siste boka i serien, eller i alle fall den siste som dei gir ut på norsk. Dermed er ikkje boka eit mellomspel, men heller ein litt skuffande avslutting på ein heilskapleg god og ganske unik teikneserie for barn.



På fire bein (6) – Trøbbel
Av Berenika Kołomycka
Omsett av Knut Inge Andersen
48 sider
300 kr.
Andersens Forlag

Les også:
Anmeldingar av alle «På fire bein»-bøkene
Intervju med Berenika Kołomycka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *