Midt i det ennå?

Med unnatak av pandemien er Flu Hartbergs «Miniminister» i grunnen lite forelda, mindre forelda enn dei to åra som har gått.

«Miniminister» gjekk i Dagbladet frå 2020 til 2022, ei turbulent tid med pandemi, regjeringskriser og regjeringsskifte, ei tid der norsk politikk var så underhaldande at ikkje all satire trong å handle om Donald Trump (I 2025 kan humoristar berre ønske at ikkje all satire treng å handle om Donald Trump).

Som tittelen tyder på var den til ein kvar tid sittande statsministeren hovudpersonen, sjølv om alle offentlege skikkelsar innan norsk politikk kunne bli involvert. Flu utnytta dette til fulle. Å følgje med i nyheitsbildet er lesaren sitt ansvar, ingen kontekst blei forklart på førehand sånn som i «Hallo i Uken»-sketsjane, men referansane er lett gjenkjennelege. Kronologisk startar boka med dei nye statsrådpostane på slutten av Frps regjeringsperiode, og endar med statsbudsjettet for 2023. 2/3 frå Solberg-regjeringa (utan Frp), 1/3 frå Støre-regjeringa (med Sp).

Flu Hartberg har ein stil som heilt naturleg passar perfekt til satiren som sjanger. Streken hans er burlesk, seriane hans er full av små innfall både i tekst og teikning. Han har generelt lite berøringsangst, og han brukar bramfritt populærkulturelle referansar fordi han veit at belønninga er desto større når lesaren tek dei.  Synd å seie det, og eg skjønar at ha gjerne vil utvide repertoaret sitt (sjå t.d.. «Jammerdalen» og «Spesialklassen») men det er ofte når han prøver å lage meir seriøse historier at noko skurrar, i alle fall reint grafisk. Karikaturen er som ei naturtilstand for han.

Samlinga visar oss eit arbeidsjern som leverte jamn kvalitet, sjølv om eg føler at han gjekk litt på tomgang i ein periode før stortingsvalet. Alle norske politiske skikkelsar i samtid er representerte, med Erna Solberg og Jonas Gahr Støre som dei mest prominente, naturleg nok. Den til ei kvar tid sittande statsminister er også den skikkelsen som blir mest flatterande framstilt, eller i alle fall som den minst dumme, fikserte og uærlege. Først følte eg at det var urettferdig mot resten, men eg skjønte etter kvart at det var ei viss fornuft i det. Sjølv ein satirisk teikneserie basert på verkelege personar treng eit visst indre system i sitt fiksjonelle univers, forankra i noko som kan fungere som ein meir jordnær identifikasjonsfigur. Dermed har Solberg og Støre, som ikkje er naturleg nøytrale figurar, tatt denne rolla, og bærer den heilt greitt.   

Når så mykje er sagt verkar det som Støre har litt meir karakter, i alle fall frå det tidspunktet han blir miniminister. Solberg ville gjerne framstå som keisam, men trygg og samlande, og Flu føya henne.  

For ein gongs skuld har No Comprendo Press utgitt ein teikneserie i eit meir økonomisk pocketbokformat. Men med fare for å få høyre at visse folk blir aldri nøgde, vil eg stille spørsmål ved om dette folkelege(?) formatet ar det rette for å samle «Miniminister». Flu bruker så mykje av både tekst og detaljar i teikningane at serien treng eit albumformat for å komme til sin rett. Sjølv om det dermed kunne blitt vanskelegare å samle alt i eitt bind. Dei to binda av «Dongery Klikker» burde vore eit førebilete.   

Men kanskje var det for freistande å skulle samle heile produksjonen i mellom to permar og vere ferdig med den. For «Miniminister» går altså ikkje lenger. Det ligg i satirens natur at den må skifte form innimellom for å halde seg ny og relevant, så difor er det kanskje ikkje noko stort tap. Sjølv Knut Nærums Rita Bloid (som har ein cameo i denne serien) overlevde seg sjølv, etter mi meining. Den teikna satiren hans fekk seinare ei ganske anna ramme.

«Miniminister» skifta også gradvis form, forresten, særleg etter at Støre blei Statsminister. Seriens univers blei liksom innsnevra, i større grad redusert til å handle om Støre og Vedum. Regjeringsskifte var nok ikkje einaste grunnen til dette. Med Ukraina-krigen som bakteppe aner ei liksom ein generelt dystrare innstilling hos serieskaparen, sjølv denne krigen forblir i kulissene.

Det kan like gjerne redaksjonelle grunnar til at  «Miniminster» stansa. Men kanskje var det  kome ei snev av svartsyn over Flu Hartberg, eit som fekk han til å ta ein pause frå denne tidsbestemte forma for humor. Eg håper han får anda over seg igjen. Med unnatak av pandemien (kryss fingrane) er serien i grunnen lite forelda, mindre forelda enn dei to åra som har gått.

Og som alle i norsk mediebransje veit, er det ikkje tett mellom satirikarane lenger. Kanskje sit vi berre igjen med eit par utstillingar på Avistegnernes Hus og  «Donalds Glade Jul med Onkel Elon 2025» (eller noko i den duren, eg kjem berre med ei kvalifisert og spissa gjetting her) i år. 


Miniminister
Av Flu Hartberg
136 sider
280 kr.
No Comprendo Press

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *