Det kjem i 2021

Ny fantasy og nokre etterlengta forseinkingar dominerer publikasjonsplanane for norske teikneseriar vinteren/våren 2021.

Jippi kjem med to bøker som har venta ei stund, og som begge er aktuelle for første halvdelen av 2021, men utan fastsett dato: Tid på broen av Xueting Yang og Ultima Thule av Didrik Magnus-Andresen. Sistnemnte blei først presentert gjennom ei teikneserienovelle frå same «univers» i Forresten 31,  «Mahabharata og den glemte atomkrigen» (under). Tim Ng Tvedt skal etter planen også komme med ei ny bok på Jippi i løpet av det kommande halvåret, Snakkebob.

Litt forseinka frå i haust kjem Trond J. Stavås’ teikneserieroman Blasfemi (over) på Gyldendal den 7. januar. Sjå opp for denne, då den kan bli Stavås’ gjennombrot. Særleg med eit tema som kulturpressa elskar å snakke om -ytringsfridom.

Den første teikneserieadapsjonen av Animorphs kjem frå Fontini same veka.

Egmonts storsating på fantasy for barn og ungdom etter Nordlys-suksessen slår ut i full blomst i 2021. 22. januar kjem Dina Nordlunds Snøkattprinsen, og veka etter debuterer Dragens Øye av Charlotte Sandmæl. Sandmæl er på førehand profilert gjennom teikneseriesegmenta i bestselgaren Bare Victor av Victor Sotberg

Frå Gyldendal kjem oppfølgaren til Utstøtt av Ethan M. Aldridge. Andre boka i denne serien heiter Bytttingkongen, og blir tilgjengeleg 20. januar. Ein annan aktuell fantasyoppfølgar er andre boka i serien om Bukkekrigerne frå Solum Bokvennen 14. januar. Frå Ouland er tolvte omnibus-bind av Dragon Ball ute denne månaden.

Av europeiske albumseriar kjem det nye bind av Familien Campbell og Wayne Shelton 22. januar. Veka før kjem det nye Lucky Luke-albumet Cowboy i bomull (det med den første svarte Lucky Luke-sheriffen).

For yngre lesarar som er glade i tøys kjem den åttande Kaptein Supertruse-boka frå Vigmostad & Bjørke 8. januar, mens Cappelen Damm kjem med Hi-Hi. Helsprø vitsetegninger av Bjørn F. Rørvik og Eivind Gulliksen.

Strand gir ut to Maren Uthaug-bøker den 18. januar, Kjærlighet og Livet, pluss Zelda-miniboka Supermamma den 13. januar. Alle bøkene er meint å vere gode morsdagsgåver, skal ein tru signala frå forlaget. Mange vil nok også meine at Therese G. Eides andre Hjemmefronten-bok Foreldreskapet – En bruksanvisning er ei passande morsdagsgåve, sjølv om det vel ikkje kan nektast for at både forlaget Egmont og serieskapar nok hadde håpa på å få ut denne boka før jul. Uansett så kjem den nå 12. januar.

Heilt på tampen, den 29. januar, er Øyvind Torseter aktuell med si fjerde Mulegutt-bok Mulanosaurus Rex på Cappelen Damm.

Gyldendal ein ny europeisk albumserie på norsk den 5. februar, Søstrene Gyldenblom (sjølv om ein nok med rekne med redusert format på den norske utgåva, slik som med Spilledåsen frå same forlaget). Denne er mest interessant fordi teikningane er levert av den smått legendariske Alessandro Barbucci, skapar eller medskapar av W.I.T.C.H., Monster Allergy, Sky Doll og Ekhö. Manus er av Giovanni di Gregorio.  

I februar er det Mammutsal, og derfor kjem det vanlegvis lite nytt denne månaden.

Men i mars tek det av med nyheiter, og ein kan særleg merke seg kvinnedagen (sjølv om feminisme ikkje er eit gjennomgangstema). To etterlengta bøker som var planlagt å komme i fjor er lanseringsklare 8. mars 2021: Inntrenger  (Ena forlag) av Sigbjørn Lilleeng, basert på Bing & Bringsværds «Blindpassasjer», og Likbilen (Cappelen Damm) av Knut Nærum og Karstein Volle. På Egmont debuterer endå ein fantasyserie, Arkin av H.L. Phoneix. I tillegg kjem alltid pålitelege Malin Falch med del 4 av Nordlys-sagaen, Trollriket.  Egmont kjem også med tredje bindet av Romas Ørner 5. mars.

Litt feminisme blir det også akkurat i tide til kvinnedagen; 6. mars kjem Gyldendal med faktaboka Rebell: Skamløse kvinner som endret verden av Pénélope Bagieu, om modige kvinner gjennom historia.

Frå Strand Forlag kjem noko heilt nytt den 8. mars: Russiske Olga Lavrentjevas biografiske tegneserieroman Survilo, ei sterk skildring av mormora Valentina Survilos dramatiske liv i Stalin-perioden

For dei som føretrekker humor er Bjørn Ingvaldsen og Kristoffer Kjølberg klare med ei ny Drittungene-bok frå Gyldendal 8. mars, og den har tittelen Parfymepatruljen. Frå Vigmostad & Bjørke kjem Max og de arme ridderne av Turbo-Tim-teiknaren Lincoln Pierce. Den fjerde boka med Barske Bøller frå Fontini, Barske bøller blir angrepet av kattunger, er forventa i sal 15. mars. Same dato frå samme forlag kjem den Chang og den lille solbjørnen. Ønskjer ein seg noko humoristisk men også jordnært, er Gyldendal ute med den fjerde Mira-boka,  #reise #Paris #savn av Lemire og Bregnhøi 5. mars

Den tolvte Lunch-boka kjem den 22, mars, og har fått den tidsriktige tittelen Du er mjuta. Frå same forlaget, Strand, kjem Pondus-bøker på rekke og rad heile våren: Nyutgåve av Andre Omgang i mars, ei spesialbok om Golf den 23. april og Eliteserien 22 den 22. mai

I april kjem det meir manga frå Outland, Mitt helteakademia omnibus 3 og Dragon Ball omnibus. Den 29. same månad lanserer Gyldendal Hans Jørgen Sandnes’ og Sandnes Medias tredje Krypto-bok, Havgapet. Og andre bindet av I Lyas Øyne frå Qlturrebus kjem i mars eller april.

I mai kjem ein teikneserieversjon av Lasse & Maja på Cappelen Damm, medan Bjørn Ousland, som vanlegvis er tilknyta Cappelen Damm, har fått Vigmostad & Bjørke som utgjevarar på si nye teikneseriebok  Det mørke hjertet. Dette ser ut til å bli ei litt meir ambisiøs eventyrforteljing enn kva vi er vane med frå Ousland. Same forlag kjem også med den niande Hundemannen-boka denne månaden.

Frå Outland kjem den andre Gamle Gubber-boka, og Rob Harrells Monster på haugen denne månaden. Egmont utgir tre fransk-belgiske teikneseriealbum den 21. mai: Undertaker (3) – Slakteren fra Camp Sutter, Lucky Luke (82) – Wanted, og ein Sprint-spesial (kjem det «kanon» Sprint-album lenger?) av Lauren Verron og Yves Sente, førebels utan norsk tittel. Dessutan kjem eit tiande bind av Alene på Qlturrebus; også her er norsk tittel ikkje fastsett.

Denne lista kjem som vanlig med førehald om endringar og nye kunngjeringar. Særleg datoar, og til og med månader, kan vere er usikre. Saka kan bli oppdatert når Serienett får ny relevant informasjon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.