
Redaktøren presenterer sine fem personlege favorittar for første halvdelen av 2025.
Berre fem på topp kan verke litt knuslete, men ærleg tala har det vore eit litt skralt halvår for nye, norske teikneseriar, og det såg eg allereie i januar. Som så ofte elles fell tyngdepunktet for nye teikneseriar saman med bokhausten. Eg håper å kunne gjere desse listene, heilt uhøgtidelege og subjektive, til ein tradisjon, og at det er nok materiale til ein topp ti for andre halvåret i desember.
Berre nye seriar av norske serieskaparar, utgjeve frå januar til juni, er vurdert for denne lista.

5. Kanskje det var elefanter av Torill Kove
Capelen Damm
Det har vore eit magert halvår for biografiar, dokumentariske seriar og generelt verkelegheitsnære ting. Eg er sikker på at hausten blir annleis også på dette feltet, mykje takka vere den lovande publiseringslista til No Comprendo Press. Det sto mellom denne «Amazonas – Fortellinger langs elvebredden» når det gjaldt femteplassen. Eg landa på «Elefanter» fordi den meir fokusert – naturleg nok, ettersom det er forfattaren/teiknaren/animatøren sin eigen historie – og fordi den får sagt mykje med få ord og store bilder. Ikkje alle er vakse opp i familiar der foreldra tok ein med til Afrika for eit år ut av idealisme og eventyrlyst, men erfaringane og observasjonane er svært allmenngyldige.
**


4. Rammeforteljinga til Bestis – Ting vi ikke tør si av Kenneth Larsen
Strand
Ei biografisk forteljing til blei forresten funne verdig å vere med på lista. Som merksame Bestis-lesarar har merke seg, er Kenneth Larsen Donald Pocket-samlar (noko som serien sjølvsagt speglar og overdriver). Moglegvis har dette inspirert han til å lage ei rammeforteljing rundt tidlegare produserte stripesekvensar for den første store Bestis-boka, som vanleg var i dei tidlege Donald Pockets. Kenneth Larsen snyter ikkje lesarane på vekta, heller – Rundt 70 sider med nytt materiale er det blitt plass til, rett nok mest i svart-kvitt og med ein del heilsider. Det meste er lette sekvensar der dei teikna Kenneth og Marthe blir sett opp mot dei «verkelege», men i dette tilfellet framleis teikna, Kenneth og Marthe. Men ei openhjarta sekvens midtvegs om Kenneths kvalar og nølen med å komme ut skåpet, løfter forteljinga.
**

3. Chanta – Bok 2 av K.L. Kølleskov (Katrine Louise Kølleskov Bryn)
ÜberPress
Norske sjangerteikneseriar har gått frå å vere utskjelte – «for nerdete» og «for amerikansk» – til å dominere bransjen. Men stort sett berre når dei er for barn og unge tenåringar. Chanta er noko så sjeldsynt som ein norsk sjangerteikneserie som ikkje berre er vaksen på det grafiske feltet og i omtalen av sex, men også i framstillinga av eit dystopisk samfunn, politisk og økologisk. Serien er også særskilt god på dialog, men prøver på same tid å få dei overjordiske, ofte groteske eller surrealistiske teikningane til å bære historia. I det heile tatt har Chanta kvalitetar som er mangelvare i dagens norske seriebransje.
**

2 .Lunas Tåre 1 – Over dal og berg av Bård Lilleøien
ÜberPress
Akkurat som med «Villvillmarka – Den siste hodeskallen», men av andre grunnar, er eg klar over at denne serien kanskje appellerte meir til meg enn til den tiltenkte målgruppa. Men i ein artikkel som dette har eg ikkje «businesshatten» på. Eg veit bere at denne serien ga meg mykje, og ikkje minst at den greidde å spele på eit variert kjensleregister. Tilsynelatande ubekymra blandar Lilleøien humor med angst, sentimentalitet og det episke i ei fantasy-setting som han for lengst har etablert. Gjenkjenneleg, men likavel heilt nytt.. Litt startvanskar har han i første halvdelen, med å balansere komedie og verdsbygging, og dersom det ikkje var for Lilleøiens sublime strek, hadde nok «Lunas Tåre» vore litt lenger ned på lista. Men når første bindet er slutt, sit eg igjen med ein svært heilskapleg oppleving.
**

1. Maria Storm og Mythosordenen av Joseph S.S. Ampofo og Jofrid Sandgren Østenstad
Egmont
Skal du lage nordisk manga, er det ein vanskeleg balansegang mellom eksposisjon og naturleg framdrift i historia. Eg synes Team Maria Storm har fått til dette betre enn dei fleste, der dei går frå in medias res via små episodar og hint, til full innføring i mytologien – Og endå er det plass til meir i bind ein. Her kan vi snakke om ein økonomisk bruk av seriesider. Nokre gonger er det greitt å ha det litt travelt, i alle fall når du har gode idear. Ein sit uansett igjen med det rette inntrykket, nemleg at eventyret berre så vidt har begynt.
Kva er eigentleg nordisk manga i denne meir turbulente nåverande forlagssituasjonen? Kjem namnet til å bli sittande, eller vil det presse seg fram nye omgrep? Fantasy er det uansett og «Maria Storm og Mythosordenen» er eit fortrinnleg eksempel på moderne norsk fantasy.
Til Tonje Tornes kan eg berre seie beklagar at TNT ikkje nådde heilt opp på mi personlege liste i sitt første halvår. Eg er sikker på at dykk kjem sterkare tilbake i august og september. Dessutan er du og Tormod Løkling på ein måte redaktørar for «Maria Storm», opphaveleg og i anden. Snakkast!)
Forsidebilde er henta frå Chanta Bok 2






