
He-Man-momentet var ikkje eit blaff. I seriens nest siste bok, «Monsteret» går Arkin inn i fullt superheltmodus, og blir der.
Eg veit ikkje om H.L. (Helge Lee) Phoenix’ Arkin er favoritten min blant dei mange seriane som inngår, eller har inngått, i nemninga «nordisk manga». Men kanskje er det den som fascinerer meg mest. Delvis grunna stemninga (ei slags kosmisk skumring), delvis grunna den eigenarta streken, meir ubestemmeleg vestleg enn manga eller Disney, og delvis ut av ei blanding av nysgjerrigheit og mild, men stort sett overberande irritasjon over at handlinga går litt treigt. Eg er ganske sikker på at eg veit kva som blir konklusjonen i serien, at Nemeroth vil vise seg å vere ein parabel for Arkins eigne «indre demonar» som han må sigre over, eller noko i den duren. Likevel blir eg stadig meir spent på korleis Arkin skal komme til dette punktet, fordi H.L. har heldt oss på pinebenken lenge.

«Monsteret» (bind 5) begynner med at Arkin får ei lita sjølvtillitskrise når steinkjempa Megaroc (veldig beskrivande namn, det) omtalar han som ein vaktar. Tullar du, Arkin? Du sløya nettopp eit monster med eit buster-sverd, og nå er du «berre ein vanleg gut» igjen? Leste du den førre anmeldinga mi og er redd for å bli for mykje He-Man, handlar dette om det?
Uansett så kjem han seg raskt ut av denne krisa, går inn i fullt superheltmodus, og blir der. Melion blir heldt som fange av Nemeroth, og berre Arkin kan redde han. På vegen dit må han først sigre over semifinale-bossane, to bautaer – Steinkjemper, som Megaroc, men desse er framleis under Nemeroths kontroll.

I denne boka får vi faktisk møte Nemeroth i eigen person, etter å ha fått hint, nærbilde og silhuettar gjennom fleire bøker. Og som venta er han ein kosmisk superskurk motivert av einspora ondskap, og med utsjånad som ein mutert zombie. Før det er vi blitt presentert for nokre regler for kva han kan gjere og korleis han kan overvinnast.
Og det er eit problem med denne serien, rett nok ikkje eit uventa problem, at dess lenger vi kjem ut i historia, dess meir verka den som eit dataspel. Før vi møter Nemeroth får vi 60 sider med Arkin som slost med bautaer, og blir minna om grunnen til at desse bøkene er så tjukke, er at dei er fulle av heilsider med mykje action og lite plott. I ein seinare scene bruker Arkin åtte sider på å springe i fire sekundar (hans eige tidsestimat). Arkin-serien i si heilskap har mange slike scenar, men dei er meir prominente enn nokon sinne i «Monsteret»

I det heile tatt druknar eventuelle meiningsfylte augneblink i blåsvarte regntunge stormskyer, glødande energistråler, skulande blikk og tøffingskryt. Historia har eitt augneblink som burde vore veldig kjensleladd, men det blir litt øydelagt heilt mot slutten.
Kanskje blir det ikkje stor barne- og ungdomslitteratur av sånt, men samstundes er det noko beundringsverdig med ein serieskapar som tør gå mot straumen, i alle fall mot norske og nordiske konvensjonar, og la helten te seg som ein skamlaus b a d a s s !
Eg går ut frå at han til slutt kjem ned på jorda igjen, ein gong i neste bok, som er finalen. Og då har H.L. kanskje ein bodskap å komme med som vi kan tru på. I mellomtida tek eg «Monsteret» for det det er, ein stor, dum actionfest, storslagen av utsjånad, i evig skumring.
Arkin – Lysets vokter (5): Monsteret
Av H.L. Phoenix
210 sider
339 kr.
TNT/Bonnier







