Fanzinefredag 8

Vi ser på nye, norske eigenpublikasjonar frå siste Oslo Comics Expo.

Utvalet på marknadsplassen til OCX 2025 var stort, variert, internasjonalt, og gjekk på tvers av konvensjonar innan teikneseriar. Serienetts reportasje frå i haust kunne berre dekke delar av det. Denne gongen prøver vi å gå litt i djupna på eit avgrensa utval av norske indie-pg fanzineseriar derifrå. 


Forlokkelsen 8-10
av Espen Birkedal

Så var Espen Birkedal endeleg i mål då, med forteljinga si om den gongen i 2015 då familien føretok eit middelshavcruise for å feire sekstiårsdagen til mora. Serien gjekk over ti kapittel fordelt på seks fanziner som aller er i ulike format. Dei som kjøpte heile samlinga på fjorårets OCX fekk med ein kjekk spesialdesigna boks til alle hefta.

I ettertid blir konklusjonen at formatet er meir interessant enn historia, sjølv om Espen undervegs i teikneprosessen prøvde å krydre handlinga med bidrag frå lesarane. Resultatet var ei liste med utfordringar han skulle prøve å gjennomfør i løpet av turen – Eit slags kunstprosjekt. Kanskje var han for ærleg i skildringa av kor tilfeldig og halvhjarta dette tenkte «kunstprosjektet» kunne forløpe. Som om han synest det er meir komfortabelt å gjere seg keisam, sjølv når han diktar ting opp. Eller kanskje var han igjen for intern. Mykje av serien består jo av samtalar mellom han og broren, trass alt.    

Eg veit ikkje om eg vil vere interessert i å lese fleire sjølvbiografiske teikneseriar frå Espen Birkedal etter dette, men som vi kunne sjå av «Et godt nytt år» er den fyldige og sveipande skitten-stilistiske streken hans veleigna til meir enn berre det.  Han har eit nytt prosjekt undervegs, truleg i tide til Bergen Art Book Fair, som kanskje blir litt annleis.


You better work, bitch!
Av Kvasimenneske (Hege M. Haugan)

I fanziner, og i underground om eg kan få lov til å antyde at «Bitch» er det, er det lov å vere sint og høgrøysta. Det er også lov å moralisere, sjølv om det ikkje alltid fungerer like godt. Når du har ein så proff og konsistent strek, klangfull og treffande dialog, og ikkje minst humoristisk (til dels galgenhumoristisk) timing – Då fungerer det ypparleg.  Med krass frustrasjon skildrar serieskaparen vanskelege kundar, enda vanskelegare overordna og bedriftseigarar, og den underliggande kjensla av at politikarar og andre besserwisserar snakkar over hovuda på sjuke og uføre når dei drøfter sjukelønn. Karakterane er karikerte, men ikkje utan truverd, og empatien kjem lett.


Brunsneglegjengen (3)
Av Alf Christian Saasen

I bibliografien til Saasen er det tre småalbum som berre har tittelen «Brunsneglegjengen» på forsida, utan nummerering eller undertitlar. Dette, forklarte serieskaparen meg på førre OCX, er for at folk skal skjøne at dei kan lese kvar av albuma for seg, utan førehandskunnskap

For så vidt stemmer dette. Plottet er at dei tre ungane i Brunsneglegjengen dreg på sommarferie til ei øy der den eine guten har ei bestemor. Og på denne øya viser det seg sjølvsagt å vere ein kjempebrunsnegle. Reste av historia skriv seg sjølv.

Saasen,er tru mot sitt vande format ved at historia har minimalt med kontekst og eksposisjon, og inga personnamn. Likevel ser han ut til å vere bevisst på at serien har ein slags mytologi; dei tre hovudpersonane blir av sine omgjevnader gjenkjent som brunsnegle-bekjemparane frå tidlegare. I det heile teke er det forsiktig utvikling å spore i dette tredje albumet i serien. Ikkje alt verkar like spontant lenger, noko som eg kallar ei utvikling hovudsakleg i rett retning. Historieforteljinga verkar meir bevisst, og suksessivt sit både dialogen og vitsane betre enn før.


Funky Animal Frolics # 1-2
Av Hella Brandal

Brandal har beskrive FAF som ”nesten som Donald Duck for vaksne”, utan at eg skal ta henne for mykje på ordet, men dette er ein vaksen serie. Ikkje berre på grunn av nakneheit og seksuelle situasjonar, men fordi serien har satiriske tema som ikkje alltid er umedelbart lette å komme inn i. Men utgangspunktet er som ein forstår av serieskaparens forklaring, funny animal-figurar. I første rekke ei mus og ein hund som er kinky transseksuelle elskarar. Streken kan beskrivast som elastisk neo-underground med positurar tydeleg inspirert av Gilbert Shelton. Karakterane er breie og strenande, og universet stør seg på slapstick-logikk.   

 I # 1 (20 sider) er dei to historiene, som serieskaparen sjølv seier det, «silly – Tilsynelatande improvisert nonsens. T.d. første historia sluttar veldig brått og bevisst antiklimatisk etter å ha kome med eit poeng om resirkulering på IKEA. # 2 er for det første eit lenger album (28 sider), og for det andre har den ein slags samanhengande historie med eit bodskap om transseksuelle rettigheiter som ikkje er for vanskeleg å oppfatte.

FAF er litt krevjande å komme inn i, og historiene sprikar i mange retningar, men ein merkar modninga berre frå første til andre nummer. Eg trur difor det kan vere nyttig å følge med på Hella Brandal vidare framover.



Forsideillustrasjon frå
Funky Animal Frolics # 2.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *