60 damer – Ved 20 av dei

20260304 183734

Christine Hope gjer Marta Breen og Jenny Jordahls manifest «60 damer du skulle ha møtt» til sitt eige i si nyaste førestilling. Men ideala er dei same.

Alle fotografi av Trond Sätre

Det ikkje ofte eg får sjansen til å seie noko sånt, men dette er ein god (for)vår for teater basert på teikneseriar. I februar debuterte sceneversjonen av «Nordlys» på Edderkoppen i Oslo, og i mars debuterer Christine Hopes nye førestilling «Hope – Hurper og heltinner» på Ole Bull Scene i Bergen.

Sistnemnte er altså basert på Breen og Jordahls teikneseriebok med det fulle namnet «60 damer du skulle ha møtt – Norsk kvinnehistorie for deg som har det travelt». At Hope krediterer Breen og Jordahl (og samarbeida med Breen om stykket) kan ein vel nærmast kalle kvinneleg solidaritet i praksis. Ho kunne ha laga si eiga vri på konseptet (noko som ho også i stor grad gjer) utan at noko kunne bevist kor ho fekk ideen frå. Tross alt er det ikkje som om Breen og Jordahl kan krevje opphavsrett på å fortelje historia om Camilla Collett, Betzy Kjeldsberg, kvinnestyret på Utsira, osv. Men jo, Hope ærar den som ærast bør. Ho opnar til og med førestillinga med å vise fram boka.

20260304 1902071

For øvrig er ikkje dette først gongen Hope har dramatisert teikneseriar; ho spela Nemi i sitt eige sketsjprogram «Frittgående Hope» (2003).

Ho er meir overtydande som ei solid handfull med kvinnelege, norsk pionerskikkelsar enn ho var som Nemi, for å seie det forsiktig.

I kontrast til «Nordlys» er «Hurper og heltinner» ei einkvinnes førestilling som er mindre drama og meir stand-upkomedie. Talet på kvinneskikkelsar som blir presenterte er redusert frå 60 til 20 for å gjere stykket fokusert nok, og for å vektlegge det kvinnepolitiske. For Hope står ikkje tilbake for Breen og Jordahl når et gjeld å trekke inn politikk, men ho gjer det med endå meir humor enn Jenny Jordahl.

I fleire tilfelle utvidar og utfyller ho dei individuelle historiene, så sjølv om du skulle ha lest boka, er det endå meir å plukke opp her.

20260304 1925431

At Christine Hope har eit stort talent som entertainer, kan vel ingen nekta for. Ho har faktene og ansiktsuttrykka, ja heile kroppsspråket, eit smittande humør, talegåvene og ei sympatisk framtoning. Hennar tolking av historia om skipsreiarparet Hanna «Brummå» Brummenæs og Bertha Torgersen er reelt høgdepunkt, sjølv om reaksjonen min kan vere påverka av eiga oppvekst på Haugalandet. Å høyre Hope smøre på Haugesundsdialekta til «Brummå» og Bertha så tjukt som mogeleg, med tilhøyrande faktar, er ei ubetaleleg oppleving. Den like breie sognadialekten til »Synnøve Finden» framført gjennom budeie-lokketonar, vil sikkert sjarmere endå fleire

Sjølv om Hope er ein breial komikar i ei breial førestilling, får ho også høve til å bruke meir spissfindige tilnærmingar: Når ho fortel om Aasta Hansteen (som Breen og Jordahl syntest var interessant nok til at dei ga henne si eiga bok), nemner ho at Aasta drog til USA, fordi det var kvinnesakas fødeland.

«Kven skulle trudd?», legger ho til med eit lurt smil, og latteren rungar i salen.     

20260304 1839081

Nei, spørsmålet er ikkje om Christine Hope med sin blotte veremåte kan gjere dette til ei bra førestilling, men om dei andre verkemidla i stykket styrkar eller reduserer inntrykket som ho gir. «Hurper og heltinner» er eit prop-show, med ei blanding av fysiske effektar og bildeskjerm med digitalanimasjon. Og eit par gonger føler eg at førestillinga kunne greidd seg fint utan dei mest flagrante fysiske effektane, som den overdimensjonerte hundrelappen som skal vere Camilla Collett-kostymet hennar, og den store pappfiguren av Synnøve Findens maskotbudeie. Når det kjem på toppen av Christine Hopes stemme og kroppsspråk, blir desse to innslaga på det næraste overmetta.  

Eg er også usikker på kor godt det fungerte å legge den veldig alvorlege historia om motstandskvinna Henriette Bie Lorentzen mellom to av dei meir komiske innslaga.

Men ein kan ikkje anna enn å bli bevega av sluttreplikken her – «Henriette, sjølv om dei ikkje har laga film om deg, var du ein av dei største».

20260304 1937471

Stykket har mange slike små og store påminningar om at kvinnehistoriene blir neglisjerte. At Bergen har fleire statuer av buekorpsgutar enn av kvinner (ein må jo ha med nokre lokale vriar).  Eller at den norske popsuksessen Dandy Girls er ikkje i rockehistoria eller på Spotify. For ikkje å snakke om at klitoris sin fulle størrelse blei oppdaga først i 1998. Du blir ikkje berre belært, du blir også utsett for moralisering, men Christine Hope har ei slik utstråling at ein ikkje kan gjere anne ann å nyte det som ein del av showet. Og ta det inn over seg. Pedagogikken og komikken er begge, ikkje sigerherrar, men sigerfruer.

Marta og Jenny må vere veldig godt nøgde med det.


0 H3

HOPE – Hurper og heltinner
Av Christine Hope og Cecilie Mosli, etter «60 damer du skulle ha møtt» av Marta Breen og Jenny Jordahl
Framføring av Christine Hope, regi av Cecilie Mosli
75 minutt
Går på Ole Bull Scene fram til og med 22. april (inga førestillingar i veke 13 og 14)