
«Mennene – En historie om dating» er ei ærleg skildring av den moderne jakta på kjærleiken.
Forlagsperson og skribent Anne-Kristin Strøm blei enke i 2019. I 2022 bestemte ho seg for å leite etter ny kjærleik ved hjelp av nettdating. Dette er forteljinga, eller rettare sagt eit utval av forteljingar, om korleis det har fungert for henne.
«Mennene» verkar på meg som ein veldig ærleg historie. Eg trur på desse skikkelsane som Anne-Kristin møter. Med eit mogeleg unnatak som vi skal komme tilbake til litt seinare. Ho møter dei, nokon av dei finner ho midt fascinerande eller i alle fall verdt å gi ein ny sjanse. Så ramlar det gjerne frå kvarandre, vanlegvis fort, og vanlegvis ikkje av dramatiske grunnar. Heller fordi kjemien ikkje var så god som ho hadde håpa den skulle eller kunne bli. Teikneserien er ikkje anti-romantisk, men anti-glamorøs, og derfor svært relaterbar.
Anne-Kristin er, dersom vi skal tru at denne teikneserien er nokså sannferdig, opptatt av variasjon. Kvar ny mann er ulik den andre, og har i alle fall eit eller anna særtrekk. Den første mannen får hennar merksemd når ho ser han spele waldhorn på Match-bildet. Kanskje møtte ho også nokre meir nondeskriptive menn enn dei ho fortel om, ofte i noko detalj. Viss ho har drive med «siling» er det i så fall berre til teikneseriens fordel.

For strukturen er laus nok som den er. «Mennene» er som sagt ei samling med forteljingar, og dei kjem aldri saman til eit substansielt heile. Berre ei ulukke med påfølgande sjukehusopphald fungerer midtvegs i albumet som eit slags bindeledd. På eit tidspunkt har ho ganske enkelt gått tom, enten for anekdotar eller for plass, og avsluttar med nokre oppmuntrande ord om å ikkje gi opp.
Ein episode som eg trur vi bør snakke litt nærmare om er møtet med «Peter», ein mann som har fylt ut «personleg kristen» i rubrikken for religion på Match. Det er visst ein agnostisk refleksjon hos forfattaren sjølv som får henne til å gi han ein sjanse. Til å begynne med er mannen akkurat kva han gir seg ut for og ingen ting anna: Ein hyggeleg, men uspennande gladkristen. Så tek anekdoten ein pussig vending når «Peter» fortel Anne-Kristin at han er ein kongeleg arving med røter tilbake til eit ikkje namngjeve aust-europeisk land, og at familien hans blei forfølgd av kommunistiske agentar heilt til den jernteppet falt. Eg var frista til å mistenke at Strøm la inn denne anekdoten for å gjere albumet meir interessant, men ingen ting ved presentasjonen tyder på det. Ho behandlar episoden som nok ein kvardagsleg sak frå sitt vanskeleg datingliv.
«Det kan hende du ikke tror på meg. Det kan til og med hende du tror jeg er gal.», seier han. Viss hu trudde det, var ho for høfleg til å seie det, verken til han eller til lesaren, og kva ho eigentleg tenkte om denne episode forblir eit lett pikant mysterium.

Som alle teikneseriar frå Ford Forlag, er «Mennene» teikna (i mange andre tilfelle også skrive) av Daniel Østvold. Eg bør unngå å gjere eit poeng av dette for ofte, men ettersom «Mennene» er den første Ford-albumet eg anmeldar sjølv, tillét eg meg å nemne den elefanten i rommet som er teikningane til Østvold. Dei er stive og tekniske, som om han illustrerer brukarmanualar. Ansikta er mest sjellause, stramme og ubehagelege å sjå på. «Uncanny valley» er i full effekt her.
Noko pragmatisk er det likevel over dette. Østvold har teknikkar for å produsere og gi ut mykje materiale raskt. Ved sida av Sveen & Emberland er det vel ingen norsk serieskapar som greier å lage nye teikneseriealbum like ofte som han. Dessutan kan han teikne meir enn berre veggar, tak og snakkande hovud, det beviste han «Log Lady Lusty». I «Mennene» er det til og med tydeleg at han sjølv har tilført visse situasjonar meir humor.
Og i alle fall eit ansiktsuttrykk beherskar han med nær perfeksjon, nemleg hovudpersonen sitt eige. Anne-Kristin sitt ansikt lyser til ei kvar tid av frustrasjon, undring og undertrykt sinne. Så tydeleg er det, at eg av og til lurer på kvifor ho utset seg sjølv for desse møta. Kanskje fordi, som ho sjølv forklarer på eit tidspunkt, ho vil ikkje vere passiv. Dette er betre enn alternativet. Og kanskje fordi den enkle bodskapen avslutningsvis, om ikkje å gi opp håpet, er oppriktig meint frå hennar side.

Mennene – En historie om dating
Skrive av Anne-Kristin Strøm, teikna av Daniel Østvold
64 sider
150 kr.
Ford Forlag