Slim og snørr og snegl!

Livet er ikkje alltid enkelt som dyreeigar. Men det er sanneleg ikkje lett for dyra heller.

Sivert brukar katten Møkkapus som syndebukk for alt han finn på heime i danske Sophie Souid og Thomas Hjorthaabs «Møkkapus – Punsjbollebøller og en komplett kattestrofe». Møkkapus hatar Sivert og vil ta livet av han. Dessverre går mange av hans påfunn utover Møkkapus sjølv, i staden for Sivert. Når Møkkapus oppdagar at naboen Ronny Punsjbolle mobbar Sivert, skal Sivert ta hevn, for det er kun ein som får mobbe Sivert, og det er Møkkapus.

Både Sivert og Møkkapus er slemme mot kvarandre (og andre), men dei er likevel glade i kvarandre (elsk-hatar, som det står). Og når Snegl har lokka mopsen Mickey Mops, gjenferdet Pipelort og vaktbikkja Killer Karen (som helst vil vere terapihund) på besøk i hagen til Ronny Punsjbolle, blir Møkkapus først lei seg, så brennande harm med sinne og sjalusi fordi Snegl har «tatt» venene/medhjelparane/undersåttane hans. Snegl blir ein konkurrent og Møkkapus bestemmer at dei må ha ein konkurranse for å avklare kven av dei to som skal bli igjen i nabolaget.

Vi lever i eit samfunn med ein kultur som i stadig større grad blir dratt mot det visuelle, og der lesarar i aukande grad ser ut til å foretrekke bøker som er delvis eller heilt gjennomillustrerte. Det er ein generell trend i barnebøker dei seinare åra at ein i større eller mindre grad kombinerer teksthistorier med element frå teikneseriar. Møkkapus har ein kombinasjon av enkeltståande ruter og einsider med tekst innimellom og lengre parti med teikneseriestriper. Døma på sjangerblandinga elles er mange, som Kaptein Supertruse av Dav Pilkey (universet er seinare utvida til reine teikneseriar med Hundemannen og Superpus), Taynikma skapt av Merlin P. Mann og Jan Kjær. Norske forlag satsar og i dette segmentet med norske alternativ, som Cappelen Damm med Super-Frank av Mats Eldøen og illustrasjonar av Therese G. Eide (“Intet nytt fra hjemmefronten”-skapar).

Stilmessig er Møkkapus langt frå det “reine og fargeglade” Nordic Manga-estetikken, som har vore den store og dominerande trenden i teikneseriar for barn dei seinare åra. Serien er røff, slimete og ein «føler» snørra som heng i nasa på karakterane. Og eg trur unge lesarar vil setje pris på det, eit litt anna uttrykk enn det visuelt veldig strigla som ofte er å finne på på teiknefilm og i teikneseriar no til dags.

Illustrasjonane til Thomas Hjorthaab har mange visuelle spøkar, som når Møkkapus «gøymer» seg på matbrettet til naboen for spionere, men han er så feit at han knapt får plass, eller at Killer Karen har på seg rosa badebukse og baderingar ved bassenget. Og når dei spelar stein, saks, papir, får Møkkapus ei saks i handa. Fargane er klare og relativt enkle. Det er lite fargegradering, mest flate fargar med lite skyggelegging. Hjorthaab skin når ein får nærbilete av blodårer i augene til Møkkapus og snørr ut Siverts nase. Manuset til Sophie Souid komplementerer illustrasjonane til Hjorthaab på ein fin måte, med teite vitsar i samspel med eit underliggande alvor.

Ordspela i teksten er tidvis morosame og tidvis litt teite. Med tema som sjalusi, mobbing og einsemd, er det viktig med ein god balanse mellom alvor og humor, og den klarer Møkkapus å formidle. Om ein lesar sit mest igjen med humoren, håper eg og at dei kan sjå og forstå kor viktig relasjonar er mellom menneske og (snakkande) dyr. 


Møkkapus – Punsjbollebøller og en komplett kattestrofe
Skrive av Sophie Souid, teikna av Thomas Hjorthaab
Omsett av Håkon Viggen
96 sider
279 kr.
Gyldendal

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *