Anders Fjeld og Esben S. Titlands undergangskarneval, No Future, er eit sprelsk og merkeleg optimistisk framtidsscenario.
I opningstalen til FNs klimatoppmøte i 2023 sa generalsekretær António Guterrez har at «[m]enneskehetens avhengighet av fossil energi har åpnet helvetes porter», men la også til at framtida «ikke er fastlåst». Å leve i menneskeslektas potensielt siste alder, antropocen, burde trigge fight-instinktet, men det kan verke som om dei fleste av oss er låst i eit passivt freeze. Kva kan eg gjere, liksom? Fly mindre? Ete mindre raudt kjøt? Har det noko å seie? Kvifor bry seg når alt ser ut til å gå til helvete uansett? «No future, there’s no future, no future for you», syng Johhny Rotten i The Sex Pistols, men har du sett! Her kjem eit teikneseriealbum med tittelen No Future, signert filosofen Anders Fjeld og Esben S. Titland med lovnad om … ei slags framtid likevel?
Albumet er gitt ut i samband med Møllebyen litteraturfestival tidlegare i haust, der dei mellom anna utforska korleis me skal forholde oss til framtida «når klimaendringer, hardere økonomiske kår og et stadig mer polarisert politisk landskap utfordrer håp og optimisme». Ut frå tittelen No Future er det kanskje naturleg å tenkje at måten me skal forholde oss til framtida på er ved negasjon. Framsida, ironisk nok pakka inn i eit smussomslag av plast (!), viser ei verd i oppløysing med apokalypsens hestar tordnande over. Trass i tydelege dystopiske trekk, ender boka i ein slags optimisme, men vegen dit er lang og kronglete.
No Future er ikkje ein tradisjonell teikneserie, men meir eit rabulistisk-filosofisk tankeeksperiment med teikneserieelement. Mange av sidene består av rein tekst, til dømes ein songtekst og eit manifest, men det er også sett av god plass til Titlands illustrasjonar; alt frå illustrasjonar som til kortare prosatekstar, plansjeteikningar og reine teikneserieforteljingar. Titland viser eit relativt stort spenn i teiknestil, særleg i dei mange heilsides illustrasjonane. Han vekslar mellom ligne claire-aktige teikneseriar, action, body horror og realisme på ein måte som imponerar.
Den laust samansette kakafonien av stilartar, idear, vill satire og sjanger- og språkleik burde ikkje fungere, men gjer det. Titlands teikningar bidreg til å halde på den raude tråden, og Fjelds filosofiske og språklege krumspring er prega av så mykje leik og overskot, at klima-angsten ein får av den daglege doomscrollinga kollapsar som biosfæren i kapittelet «Den store festen».
Å samanfatte ei slags handling er ikkje lett. Albumet byrjer med ein presentasjon av pedocens fire ryttarar som varslar apokalypsen og sluttar med ein ny fase i menneskeslekta si historie, der den nye arten homo maïeutikos, bioklumpane, dannar såkalla «biomuner» som ei slags frelse. I mellomtida er me mellom anna innom kosmorepublikken Parkesina, ei flytande øygruppe av resirkulert plast, ein undergangsfest i eit smeltande Antarktis og Det norske rubanistiske partis kamp for å «rive vekk grunnlaget for menneskehetens (…) planetære krig mot Naturen…» gjennom å turbodjupøkologisere Oslo.
Det er med andre ord rimeleg speisa og smalt, men det er også noko av styrken til No Future. Albumet krev ein god dose tolmod frå lesaren, særleg grunna dei mange sjanger- og stilbrota. Likevel er det nettopp denne leikne strukturen som gjer lesinga så original og forfriskande. Klimadebatten blir ofte framstilt svart-kvitt eller moralistisk, men No Future har ei meir kompleks og frigjerande tilnærming. Her er ingen blekkulf-aktige råd, ingen enkle svar. Titland og Fjeld tillét lesaren å kjenne på undergangsstemninga utan at det blir kvelande – heller inspirerande på ein underleg måte.
Ei slik surrealistisk og spekulativ tilnærming kan verke framandgjerande på nokre; bodskapen står fleire gonger i fare for å drukne i symbolikken og dei noko aparte omvegane. Nokre element er også mindre vellukka, som songteksten «Vask, vask så får du en suss» og ein scene med futuristiske dass-mopedar drivne av avføring. Det er meir flautt enn smart.
Trass i dette, oppmodar No Future oss til å tenke kritisk og kreativt om framtida. I ei tid som kan verke overveldande pessimistisk, skapar Fjeld og Titland rom for latter, undring og – ja, håp. Når me høyrer naturen gaule, bør me kanskje lytte. I kakafonien av stemmer, idear og mogelegheiter kan lesaren finne inspirasjon til å skape noko nytt. No Future er ei påminning om at me har krafta til å forme det som kjem, dersom me vågar å kaste oss leikande ut i det ukjende.
No Future
Skrive av Anders Fjeld, teikna av Esben S. Titland
80 sider
270 kr.
H//O//F Forlag