Bok 21 av Pondus er ikkje berre ei bok. Den er nyaste bit av ein pågåande epoke med norsk teikneseriehistorie. Så kva briller skal ein då lese den med? Som ein god nerd i Pondus-tradisjon har eg mange briller på lur.
Det er ei snodig oppgåve å skulle “anmelde” ei ny Pondus-bok. Kva vinkel skal eg angripe serien frå? Serien er no eldre enn mange av sine lesarar. Og dens forflytning frå Schibsted til Egmont til Strand har skapt ringvirkninger som har ført til nye konstellasjonar av biseriar i Pondus-bladet, og dermed antakelig skapt heile karrierer. Den har generert nok pengar til å kjøpe fem-seks prosent av Erling Haaland.
Så kva briller skal eg ta på? Eg tenkte å sjå på den med tre ulike briller: Som serie, som eit 25 år langt prosjekt, og som bok nr 21.
1 Som serie, ståande på egne bein, som om eg aldri har hørt om serien før
Ok! Pondus – 21 års grense er ein stripeserie om eit digert karaktergalleri. Sånn laust i sentrum er familiefaren Patrick, blant dei fleste kjent som Pondus. Han jobbar i ein fotballpub, har ein sønn i puberteten og ein chubby, uintelligent hund og ei søt kone. Han har ein bestevenn som selger plater og også har kone og barn, og ymse tilknytta slektningar og naboer rundt seg. Dette er ei skildring av kvardagslivet, av dei sosiale banda rundt oss. På slutten av boka (spoiler) legg Pondus ein snøball på nokon si kiste. Valget er pussig, stripa er i seg sjølv fin, men kjem brått på og heilt utan kontekst. Er det noko som skjer i ei anna Pondus-bok som eg burde fått med meg? Har Frode Øverli brått avliva den eine homo-naboen fordi det vart for mykje kritikk mot alle ha ha, naboane er homoar-vitsane i stripa? Eg veit ikkje, og det kjennest som ei stripe som er lagt inn i boka mest for komplettismen si skyld og ikkje så veldig gjennomtenkt.
Serien er solid og kompetent fargelagt, men eg opplever at fargelegginga har ein unødig “digital” look. Det hadde ikkje kosta dei mykje innsats å gi fargane eit meir “organisk” preg med dagens software. Det hadde også kledd Frode sin organiske strek. Gi det eit forsøk i det minste, det vil gi serien eit preg av å “følge med i tida” akkurat som då den gikk frå heilt flate fargar til dei høylysa/skyggane dei brukar i dag.
Det er få som kan hamre ut en vits som Øverli. Sjølv når han vrir ei stripe ut av eit så tynt poeng som “Ivar leser Odysseen og syns den er kjedelig”, passerer Øverli fordi han teiknar det med like stor pasjon som alt anna. Bakgrunnsdetaljane er også prega av overskudd: Bussjåførane Ivar og Hugo jobbar på “Gode Busser AS”, og dama som fører timelistene er ei hissig snerpe med ein kopp som har påskrifta “The Gerd”. Måten Øverli tegnar pålegg, skeive BH-ar, energiske hundar, brutale sklitaklinger, alt er med på å understreke at dette er humor. Øverli er nok smart som ikkje lar Pondus bli film: Kva er Pondus utan streken? For å sjå kva som skjer når ein serie definert av sin strek blir forsøkt filma, sjekk den franske “Viggo”-filmen.
2. Som 25 år gammalt fenomen
Frode Øverli har altså klart å lage 21 tjukke, bestselgande bøker om Pondus med familie & utvida nettverk. Det er vilt imponerande. Serien var eigentleg eit kompromiss: Øverli ville helst lage noko om fotball, men det vart for smalt, og han måtte akseptere eit litt meir “normalt” familietema i staden, og så heller smugle inn fotballen ved kvar einaste anledning. Om “fotballinteressert” er det mest unormale personlighetstrekket du har så er du egentlig ganske heldig stilt: Du har gode sjansar til å passe inn i dei fleste bokhyller i landet, og det er jo også det som har skjedd.
Pondus kan, med furtne briller, tolkast som ein serie som hyllar normaliteten, fordi Pondus liksom skal være så “normal” der han står i sentrum av ein diger sirkel meir og meir freaky folk, men det er minst like rimelig å seie at Pondus-serien har smugla ein heil del snodig oppførsel inn i ei veldig normopatisk sjangerform – “avisstripa” – og dermed vore med på å normalisere ein bråte kinks for det norske folk. Ein variant av “the mere exposure effect”, der det å bli utsatt for noko dag ut og dag inn gjer det meir normalt.
3. Som bok nr. 21
For mykje av ein bra ting er fantastisk, sa Liberace, og det at Noreg blir velsigna med ENDÅ ei bok om Pondus er ein bra ting. Pen, solid bok, masse stoff, eit univers i stadig utvikling. Nye figurar dukkar opp, nye vriar på gamle vitsar, og eit fire siders malt (?) forord av Rocky-pappa Martin Kellerman.
Rocky er ein fantastisk stripeserie, og kanskje endå betre på norsk på grunn av Dag Gravem sine kreative fornorskingar av både tone og uoversettelige svenske referanser. Men forordet her er skuffande. Serien handlar om at Kellermann, som Rocky, går rundt i ein park, grublar litt, og så seier at han lagde dette forordet fordi han trengte pengar. Pengar, Martin? Klarte du å sose vekk gryna frå ROCKY? I det minste kunne vi fått vite korleis han brukte opp dei pengane, eller kva som gjorde at han har endra teiknestil, eller kva Kellerman synest om Pondus-universet.
Pondus – 21 års grense
Av Frode Øverli
Forord av Martin Kellermann
176 sider
399 kr.
Strand Forlag
Les også anmelding av:
20 i stil
Hey Nineteen
Minus 18 på det ene øyet
17 i nøtten