Leser Søker Bok lanserer årets 100-liste torsdag 2. mars kl. 18 på Litteraturhuset i Oslo. Lista har fleire teikneseriar i alle kategoriar.
Foreininga Leser Søker Bok (LSB) har sidan starten i 2003 jobba for at det skal finnast bøker for alle som er interesserte i å lese, og at bøkene skal vere lette å få tak i. Dei driv med formidling gjennom bibliotek, leselystprosjekt i skular, på arrangement, festivalar, sosiale media, podkastar og andre relevante stader.
100-lista av 2023 er basert på foreininga sine vurderingar, og legger til grunn at bøkene må vere mest mogeleg lesarvennlege, og samstundes ha høg litterær kvalitet. Med denne føresetnaden har LSB lista opp det dei meiner er dei hundre beste norske bøkene frå dei siste tre åra.
Lista blir lansert på eit arrangement med samtalar og opplesingar torsdag 2. mars kl. 18 i Nedjma-salen på Litteraturhuset i Oslo, med gratis inngang.
Lista har 16 teikneseriar, og du kan sjå på katalogen her. Bøkene er delt inn etter alderssegment; det begynner med barnebøker frå nr. 1, held fram med ungdomsbøker frå nr. 31, osb. Rekkefølga er derfor ikkje nødvendigvis heilt indikativ for LSB si kvalitetsvurdering av bøkene.
Alle har vore anmeldt av Serienett:
Kvitebjørn av Maja Lunde og Hans Jørgen Sandnes (7)
Mulanosarus Rex av Øyvind Torseter (18)
Hva skjedde egentlig med deg? av Jenny Jordahl (20)
Døden av Sigbjørn Lilleeng (25)
Avisgjengen – Under konstruksjon av Kristofer Kjølberg (26)
Raud Volvo Trude Tjensvold (31)
La skogen leve! Nora Dåsnes (32)
Underbyen – Bergtatt av Aleksander Kirkwood Brown og Luis Guaragna (38)
Inntrenger av Sigbjørn Lilleeng (46)
Patriarkatet faller av Marta Breen og Jenny Jordahl (47)
Ubesvart anrop av Nora Dåsnes (48)
Elastico av Michael Stilson og Luis Guaragna (57)
Langt hjemmefra av Max Estes (71)
Nu klinger igjennom bartebyen av Khaleel Etwebi (77)
O bli hos meg av Lene Ask (83)
Jeg husker ikke… av Anders N. Kvammen (86)
Forsidebilde frå «Kvitebjørn»