
Kva kan du gjere med ein student som nektar å leike gud, når det er heile poenget med utdanninga? Med det utgangspunktet er Linn Catherin Hansen eit overskot av idear i «Jasper ødelegger alt».
Opprettinga av TNT i fjor haust skapte eit vakuum som er vanskeleg å fylle, men Egmont har gjort eit par spreidde forsøk så langt i 2025, rett nok med titlar som allereie var undervegs då den store masseflukta frå «nordisk manga»-avdelinga begynte. Felles for dei to titlane vi har fått sjå så langt, «Maria Storm og Mythosordenen» og nå denne, er at dei er ganske ambisiøse og at dei er fornøyeleg lesing.
Og dermed har eg allereie kome med ei veldig kort vurdering av «Jasper ødelegger alt», men serien har mange lag. Humor og epos, fantasy og science fiction, søt og sentimental, grotesk og surrealistisk

Premissen er at Jasper går på norneskulen i ei eller anna fjern magisk-kosmisk verd, for å bli eit skjebnebarn. Desse barna bestemmer skjebnane til heile verder, under oppsynet til overgudinna Yggsil og nornene Urd, Verdande og Skuld. Men Jasper har litt for mykje empati og etikk til å fungere godt fagleg Kva skal skulen gjere med ein student som nektar å leike gud, når det er heile poenget med utdanninga?
Som eit snilt monster under senga endar Jasper opp på rommet til ein engsteleg liten gut i vår verd, Isak, og dei blir venner.
Derifrå trur du kanskje du kan gjette kva som skjer vidare, men ver ikkje sikker. I andre havdel av boka tek historia fleire ulike retningar, nok til at det nesten kan svimle litt for ein uførebudd lesar. «Wow, du sier mange ting samtidig!» utbryter Jasper når ein entusiastisk Isak begynner å snakke seg varm. Det kunne vore lesarens reaksjon etter å ha lest første bindet.

Linn Catherin er sambuar med Bård Lilleøien, og akkurat som hos Lilleøien er det ei viss fare for at seriane hennar faller mellom to stolar. T.d. er begge to er tydelegvis glade i å bruke reine tøysenamn, også i seriar som tek seg sjølv i alle fall delvis seriøst. Rett nok er kontrastane i stemningsskifte ikkje like påfallande her som i «Lunas Tåre». Kanskje fordi soga straks klargjer at skjebnebarnas oppgåver i alle fall delvis er genocidale i sin natur, når første kapitelet opnar med ein prøve i «Dommedagspraksis». Og skjebnebarna frydar seg. Ei slik celestial form for svart humor er eigna til å glede fans av alt frå Sandman til Adventure Time.
Balansen mellom komedie og kosmisk horror/fantasy blir oppretthalde av eit forførande burleskt menasjeri av karakterar, både menneskelege og mindre menneskelege, eit tilhøyrande omskifteleg eventyrlandskap.

Linn Catherin har ein konsis strek med mange typiske manga-trekk som små naser, store auge, og tynne linjer Stilen, kombinert med dei kraftige fargane og den frilynte fantasy-estetikken gjer serien vakker, sjølv når det er mørk, monstrøs, eller til og med dystopisk.
Skal eg kome med ei innvending mot det reint grafiske, må det bli at serien av utsjånad er noko flat. Vanlegvis er det ikkje eit problem, for serieskaparen kompenserer med sin fantasirikdom, og nokon større grad av realisme er ikkje nødvendig for å sjå kva noko skal førestille. Men eit par gonger har ho problem med å få detaljar til å sjå riktig ut, som fossefallet på side 52.

Den tettpakka breiare historia er fullt mogeleg å følgje, men det er dei små momenta, både i tekst og teikning som eg gleder meg aller mest over. Dei små situasjonane og dialogstykka, og dei kuriøse bifigurane. Ikkje alle bifigurane er kuriøse fordi dei ser ut (og ter seg) som mareritt-muppets, heller (Jim Henson er ein av Linn Catherins få namngjevne inspirasjonskjelder). T.d. midtvegs i boka kjem Jasper i prat med Pipp, ein vertshus-skald som klagar over at han berre får spele den same låta kvar kveld fordi han må lyde ønskegudinna som eig vertshuset Eg anar ikkje om han kjem til å spela noko som helst rolle vidare, men han er med på å setje farge på eit univers (eller snarare multivers) der myriadar av fargar – både bokstavelege og i overført tyding – er så mykje av sjarmen
Er det då betre med for mykje enn for lite? Ikkje alltid, det hender at ideane står litt i vegen for narrativet. Men nokre gonger vil du heller bli underhaldt enn å følgje eit dvelande, om enn fokusert eventyr. Og då er «Jasper» perfekt. Dessutan følger plottet alltid logikken til sitt eige univers til slutt. Serieskaparen har uttrykt ønske om å samle soga om Jasper i berre tre bøker, i staden for fire, fordi ho treng å halde seg sjølv tilbake litt . Så lenge forteljargleda framleis er der, kan ho for min del gjerne får fire til å gjere den ferdig.

Jasper ødelegger alt
Av Linn Catherin Hansen
Etterord av forfattaren
194 sider
329 kr.
Egmont
Les også:
Dommedag over seg selv






