
Redaktøren presenterer sine ti personlege favorittar frå 2025 – Ved elleve av dei.
I sommar posta eg ei uhøgtidleg liste over mine fem favorittar så langt i 2025. Planen var alltid å følgje opp denne lista i desember eller ved årsskiftet. Sidan det nå er blitt 2026 vel eg å ta heile 2025 under eitt i denne runden. Som venta var tyngdepunktet av nye norske teikneseriepublikasjonar i haustsesongen. På den endelege lista for heile året er åtte av elleve titlar frå i haust – Vel å merke når ein reknar august som ein del av haustsesongen.
Berre nye seriar av norske serieskaparar, utgjeve frå januar til desember 2025, er vurdert for denne lista. Det er viktig med nye omsetjingar, men den stadig aukande norske produksjonen er utvilsamt det mest interessante for bransjen.
Eg vil understreke at dette er ei personleg liste basert minst like mykje på subjektive vurderingar som objektive. Den er ikkje basert på nokon form for konsensus blant Serienett sine medarbeidarar, ettersom desse har til dels ganske ulike preferansar.
Delt 10. plass:
Trollungen – Forbannelsen av Gert-Olav Stene
Egmont
Historia er i overkant enkel, difor er den rangert lågast av dei nye nordisk manga-titlane som kom med på lista. Men du verden for ein strek, så utsøkt og detaljrik at det er ikkje måte på, for å halde oss til eventyrverdas ordbruk.

Lunas Tåre – Over dal og berg av Bård Lilleøien
Überpress
Lunas Tåre hadde eg som nummer to av fem på halvårslista, så kvifor denne «degraderinga»? Først og fremst fordi Bård Lilløien framleis slit litt med seriøs fantasyforteljing, noko eg har lettare å sjå ved ei ny gjennomlesing. Når så mykje er sagt så var eg svak for begge seriane som Lilleøien ga ut på Überpress i år –” Lunas Tåre” og” Dumme sjøfugler (kapittel 2)” frå antologien Kibo. Sistnemnte, som er rein humor, utroper eg forresten hermed til årets ”guilty pleasure”
9. Pøbel av John Sigvart Jamtli
Strand
Ikkje ein fullgod musikkbiografi, og prøver heller ikkje på å vere det, men som ein pastisj på hip-hopens formspråk må den kallast vellukka. Måkene som ein allegori på bygdedyret var også eit inspirert grep. Jamtlis strek er for fantasirik til berre å brukast på semi-realistisk krigshistorikk.
8. Chanta – Bok 2 av K.L. Kølleskov
Überpress
Denne blei rangert litt under «Lunas Tåre» på halvårlista, men i ettertid ser eg at Chanta er ein viktigare serie grunna sin vaksne form, som er mangelvare i moderne norsk teikneserieproduksjon Den er også ein vaksenserie som føles vaksen, der ein viss grad av sjokkelement finst, men elementa har ein funksjon i intelligent historieforteljing.
7. Frida i Aquador av Frode Øverli
TNT
Passande nok avsluttar Frode Øverli Pondus (offisielt) på same tida som serien om Frida ser ut til å ha funne ein meir unik form. Dette mangla den i første boka, som ennå var bunden av tilknytinga til Pondus. ”Aquador” er poesi, det er reinskore eventyr, eit eventyr som let blidene tale mest mogeleg.
6. Maria Storm og Mythosordenen av Joseph S.S. Ampofo og Jofrid Sandgren Østenstad
Egmont
Vurderinga mi av denne er uendra – Eit typisk døme på moderne norsk fantasy, men også eit overflødigheitshorn av idear, og ein god del meir underhaldande, samanlagt, enn manga andre representantar for sjangeren. Det haldt til nummer ein på halvårslista, men for heile året er konkurransen skarpare.

5. Supernova 1 av Peder Hornseth Nygaard
TNT
(sjå også forsidebilde)
Vi treng meir debattar i norsk teikneseriekultur, og det var i alle fall denne serien – i samarbeid Empirix’ anmeldar Roy Søbstad – god for. Søbstad hadde då eitt poeng – Fenomenet tidlegare/ennå delvis kjent som nordisk manga har godt av litt meir variasjon. Heilt unik er forresten Supernova ikkje i norsk samanheng; den har visse fellestrekk med før nemnte Chanta. For dagens marknad (særleg blant barne-og ungdomslitteratur) er den likevel ein berikelse og endå viktigare – Engasjerande i seg sjølv, både som konsept og forteljing.
Men kan vi få ein betre font, takk?

4. Lunch – Så tar vi det bare derfra av Børge Lund
Strand
Eg tenke meg om ei god stund før eg valde å la samlebøker vere kvalifisert til å vere med på denne lista. Både «Streberne: Hvor fort vi glemmer», «Fritt (første bok)» og «Bestis – Ting vi ikke tør si» var kandidatar, og sistnemnte kom med på halvårslista. At Lunch slo dei alle på mi personlege liste, er føreseieleg, men årets samling er verkeleg særskilt på det jamne. Og for Lunch betyr «det jamne» godt over gjennomsnittet både for stripehumor og satire.
3. Lava av Annika Linn Verdal Homme
Aschehoug
Streken til ALV Homme er ei tilvenningssak, men tilvenninga gjekk fortare enn eg hadde trudd. Dette fordi serieskaparen viste seg å vere ein overtydande auteur når ho fekk utfolde seg litt friare. «Lava» er ei blanding av rå kjensler og moderne surrealisme med tenåringsdramaet som ramme.
Ærleg tala, skal eg utrope favoritten min blant årets «slice of life»-teikneseriar for barn og ungdom , er det jamt mellom denne og «Verdens verste søster» av svenske Elin Lindell. Mange andre vil nok føretrekke «Bare si ja» av Nora Dåsnes for dens meir tilgjengelege og realistiske innhald. Men i ei heilskapsvurdering vil eg framheve «Lava» for bokas grafiske verdiar og løysingar.

2. Oslolovers av Flu Hartberg
No Comprendo Press
Denne kvasi-biografiske teikneserieromanen er fyldig, men overraskande nøktern og edrueleg, meir til observasjon enn til refleksjon. Den manglar, i alle fall i mi meining, eit aha-augneblink; episodane er meir enn heilskapen. På den andre sida betyr det også at vi slepper nokon klar moralisering eller regelrett skjennepreike som eg føler at «skittenrealistiske» seriar ofte kan utvikle seg til. Historia får utfalde seg fritt og leikent. Den er ærleg og overraskande komfortabel.

1. Jasper ødeleger alt av Linn Catherin Hansen
Egmont
Aller først vil eg berre få slå fast at 2025 ikkje baud på nokre meisterverk som verkeleg stakk seg ut i mengda – Ingen openbaringar. Nivået på norske seriar er høgt, men eg verken ventar , eller får, ein ny Watchmen eller Maus på årleg basis. Jasper ødelegger alt er ikkje heilt perfekt, og viss du er lei av fantasy er det berre å gå vidare, men grafisk kreativitet, forteljarevne og vidare potensiale er på eit heilt eige nivå. I anmeldinga mi av serien konkluderte eg med at det er ikkje alltid betre med for mykje enn for lite. Men det er betre at Jasper vil og er mykje.












