Våre vener og fiendar vettene

Gamle kjenningar og høgdepunkt frå årets 24H Challenge dominerer årets «Overtrykk»-antologi, i året då Überpress-antologiane kan markere sitt ti års jubileum. 

Are Edvardsen sørger for å minne oss om jubileet i forordet. I same forordet påpeiker han også det alle kan sjå, at desse antologiane skal fremje det Bing og Bringsværd kalla fabelprosa. Überpress har prøvd å la dette omgrepet komme til heider og verdigheit igjen på eit tidspunkt når norske sjangerteikneseriar ser ut til å vere på høgda av sin popularitet.

Passande er då årets hovudhistorie, «Brakkvatn» ein nytt kapittel i soga om Ørjan Aarviks framleis namnlause vettejeger/detektiv, som har ei hulder med på slep sidan kapittelet frå i fjor. Turen går til ein litt større bygdeby ved fjorden, der ein nøkk herjar med lokalbefolkninga. 

Nøkken nå igjen? Eg skjønner sjølvsagt at det må vere ein rein tilfeldigheit; Aarvik hadde ingen føresetnad for å vite at Aleksander Kirkwood Brown og Malin Falch tumla med planar om å bruke same segnfiguren som han. Samstundes underbygger dette noko eg har hevda før, at det er blitt trendy på grensa til det klisjéprega for norske serieskaparar å arbeide seg gjennom ei sjekkliste over folkloristiske skapningar. I fjor støytte jegeren på troll, i år er det nøkken.

Okke som – Aarviks jegerverd, eit Norge som er ei blanding av eventyr, nasjonalromantikk og moderne suburban krim, er i konstant utvikling, og blir stadig rikare. Skal ein først omfamne folkloristiske klisjear, er dette rette måten å gjere det på  I denne historia blir vi kjent med ein kollega/rival av jegeren, og får del i seriøse diskusjonar både om nøkkar kan opphalde seg i saltvatn, og om vassvetters plass i rettssystemet. Huldra får dessutan meir av ein personlegdom i løpet av dei 30 sidene historia varer. Aarvik kunne nesten gjort dette til ein «Nordic Manga»-serie nå, hadde det ikkje vore for at strek og fargar framleis er litt enklare enn det typiske nivået til NME-serieskaparane. 

Også med for tredje året på rad er Vinters naturheks Anya Furudotter og det som nå er blitt til familien hennar – Den tidlegare aleinemora Lilly og den halvvaksne sonen hennar. Kontinuiteten er framleis viktig i årets forteljing «Uforlikt», som gir oss ny innsikt i Lillys fortid, men er mindre tyngande denne gongen. Denne kan lesast utan bakgrunnskunnskap, men det er ein fordel om du har rukke å bli litt glad i desse figurane.     

Lars Erik Helgemo (Uduglege Heltar) er i år representert med «Skrømt», som er noko ganske ulikt hovudhistoria hans frå i fjor, «Solriket». For det første er dette ein svartsynt sci-fi-grøssar, for det andre er serieskaparens inspirasjon frå manga mykje tydlegare, noko som også blir understreka av at den er i svart-kvitt (som einaste innslag i årets bok). Det blir tidleg ganske lett å gjette seg til kva retning forteljinga tek, men den grafiske framstillinga, ikkje minst i klimaks, er slåande.

«Jegermåne» av Maria Steffensen er i streken ikkje like bunden av forbilder og konvensjonar som dei andre bidraga, og har det mest organiske uttrykket.  Likavel er det antologiens svakaste bidrag, grunna forteljinga sitt litt billege emosjonelle frieri, kombinert med banal symbolikk  

Ein ting som eg merker meg med årets hefte, sjølv om ikkje så mange har føresetnader for å vite dette, er at tre historier frå årets 24Hour Challenge i Oslo er inkludert i samlinga. Alle er fargelagte dersom dei ikkje var det frå før, og har fått nynorsk tekst.

Attbruk frå 24H skal ein sjølvsagt generelt vere varsam med å gjere for å fylle opp plassen, for kvaliteten sprikar nødvendigvis når utgangspunktet er at teikneserien måtte vere laga på maks 24 timar. Likavel har eg ikkje problem med å skjøne at akkurat desse blei tatt med.

Dina Norlunds «Aleine» var allereie så vel gjennomført at den kan bli attgjeve utan å endre noko anna enn målforma (den var tidlegare på bokmål, men den var alt i fargar), Å endeleg kunne  presentere noko nytt materiale frå Snøkattprinsen sin skapar var forståeleg nok også freistande.  

«Pina kunstar» av Linn-Catherin Hansen er omteikna og fargelagt, så den kan ytterlagre rettferdiggjere plassen sin her. Her er ein serieskapar eg verkeleg håper å få sjå meir til seinare, eit gryande talent som ser ut til å følgje arva frå Tove Jansson via Jorunn Hanto-Haugse, med enkelt teikna, men uttrykksfulle fabel -og dyrevesen.

Også i år er kvar bidragsytar i boka presentert med eit mini-intervju. Intervjuet med Linn-Catherin Hansen stadfestar at «Pina Kunstnar» (ein tittel som får ein endå sterkare dobbelttyding med den nye nynorske omsetjinga) er ei sterkt personleg forteljing. Den kanskje noko overraskande moralen er at skam (her manifestert som ein figur som følger etter hovudpersonen) kan vere trøblete, men at den også har verdi.  

«Skjør» av Marte Jørgensen er den tredje teikna novella frå årets 24H i boka. Den er ikkje omteikna, men med duse, stemningsrike fargar lagt til, er denne tragiske kjærleiksfabelen allereie så vakker og perfeksjonert i streken at stort meir treng den ikkje. Som eg sa den gongen, Marte Jørgensen er eit talent som eg verkeleg håper er på veg opp. Som ei forteljing sentrert rundt to meir eigenarta vassvetter, med inspirasjon frå legenda om squonken, er forteljinga også ei perfekt «bookend»-avrunding på ein antologi som starta med ei meir velkjent norsk vassvette.


Overtrykk 2022
Av diverse; redaktør: Are Edvardsen
Forord av redaktøren
166 sider
299 kr.
Überpress


Les om tidlegare antologiar i same serien:
Overtrykk 2021
Troll i Ord
Kittelsens Skog
Überrevolusjon
Überterror
Übersuperhelt
Überokkult
Überkrig
Übereventyr
Überapokalypse
Überfantasy

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *